Men det er ukjent kven som er kjøpar, skriv nettavisa nett.no

nett.no:

- Det er ikkje meg, seier Bergens-investoren Trond Mohn om oppkjøpa i det børsnoterte obligasjonslånet på 473 millionar kroner i Island Offshore Shipholding.

Frå og med april er eigarskapen til 48 prosent av lånet på 473 millionar kroner handla på børsen. Mesteparten av handlingane har skjedd i august og fram til og med 2. september viser tal frå Oslo Bør. I den perioden er 40 prosent av lånet omsett.

Den siste post, litt over 10 prosent av lånet, vart handla 2. september. Kursen var då 51,2 prosent av pålydande.

Nett.no skriv at dersom det er snakk om ein investor, så sit vedkomande med minst negativ kontroll i lånet. Det betyr at vedkomande kan stemme ned eventuelle framlegg til framtidig refinansiering som omfattar obligasjonslångivarane i selskapet. Oppkjøpa er så store at også i høve til det opphavlege lånet på 700 millionar kroner er det heilt på grensa til å tilsvare ein tredjepart.

Island Offshore Shipholding har ein klausul i låneavtalen som sikrar selskapet rett til å innfri heile obligasjonslånet til full verdi, pluss litt rente, før låneperioden går ut i 2018. Det gjer at selskapet kan kvitte seg med eventuelle brysame obligasjonseigarar, men då til ein pris som pr. i dag er dobbelt så høg som lånet er vedsett til i marknaden.