Han viser nemleg eit bilde av ein Volvo PV når han får spørsmål om alderen.

– Slutten av 1950-åra altså?

– Stemmer. Eg er fødd i 1959, smiler han.

Så då er det ein 57-åring som har teke på seg ansvaret med å gjere skular og barnehagar i Hareid gode dei neste åra. Han tok til på jobben 1. august.

Herøyværing – opprinneleg frå Haram

Longva er busett på Nerlandsøya – i Kvalsund – og har nokre kilometer å køyre til og frå jobb. Men namn og slekt kjem frå Haram, der han voks opp på Flemsøya, som andre kallar Skuløya. Der var han til og med ungdomsskulen.

Han er gift med Mona Zahl. Dei har tre born, to gutar og ei jente. Alle er vaksne no – og hittil har det kome to barnebarn; eit tvillingpar.

Frå den meir private sfæren kan nemnast at oppvektsjefen har hytte på Strandafjellet og at han er glad i å renne seg på ski – hovudsakleg ned fjellsidene. Han er også ein dedikert hobbyfiskar – og driv matauk frå båten sin heime på Nerlandsøya.Han er også interessert i fotball, men berre som tribune- og TV-slitar. Favorittlaget er Manchester United, som har hatt ein litt turbulent sesongstart.

Dessutan er han 1.-bass i Bergsøy blandakor, og er full av lovord om kor kjekt det er å synge i kor. Dirigenten deira for tida er Morten Bollerud. Seinast hadde koret eit oppdrag i Ulstein kyrkje (i går kveld).

Røynd og meir enn godt utdanna

Eivind Longva kjem frå ei prosjektstilling i Sjustjerne-samarbeidet. Han er meir enn godt utdanna og røynd. Har blant anna lærarutdanning og både grunnfag, mellomfag og storfag i norsk. Og han har studert naturgeografi. I mange år var han skulefagleg rådgjevar i Herøy – og mykje anna.

Han meiner å ha fått stadfesta at Hareid kommune har veldig mange dyktige folk i skulane og barnehagane. Han seier det på ein måte som får oss til å tru at det er meir enn ei velvillig programerklæring før han får dei tøffe sakene å bale med.

– Ja, for du er vel klar over at tidlegare oppvekstsjefar har hatt ein del strev med skulestrukturen?

– Akkurat når det gjeld skulestruktur er det slik at den er fastlagd slik han er i dag ut inneverande kommunevalsperiode. Og dessutan er det politikarane som skal bestemme dette. Dei skal styre, eg skal leie etaten. Mi oppgåve er først og fremst å foreslå budsjett utifrå den situasjonen som er.

Her dreg Longva fram eit trykt dokument frå ei av skuffene sine; «Kvalitetsplan for oppvekst». Planen var oppe i kommunestyremøtet i juni – og Longva håper at lokalavisa tek seg tid til å omtale han når dei får han i hende om ikkje lenge.

– Budsjetta må stå i forhold til dei inntektene kommunen har

Som Robek-kommune er det vanskeleg å sy saman eit budsjett som skaper utvikling, så eit av Longva sine store voner er at Hareid kjem seg ut av Robek-lista. Men det store spørsmålet er likevel kva rammer staten gir for drifta.

– Budsjetta til dei enkelte sektorane i Hareid kommune må uansett stå i forhold til dei inntektene kommunen har, slår han fast.

Relasjonen lærar-elev viktigast

Eivind Longva er oppteken av tverrfagleg samarbeid. Han vil at borna og ungdomane i Hareid skal vere sterke, trygge og glade. Relasjonen lærar-elev er den viktigaste faktoren.

Den nye oppvekstsjefen har vore rundt på alle skulane og barnehagane i lag med rådmannen.

Viktig å kunne målbere seg oppover i systemet

– Eg er oppteken av dialogar, at vi skal vite om tilstandane der ute – og at det skal vere høve til å målbere desse oppover i systemet. Det er mykje betre enn å tre løysingane nedover …

– Du skal også halde auge med privatskulen i Brandal?

– Eg skal vere kommunen sin representant i styret med talerett. Men tilsynet er delt med Fylkesmannen, seier Longva.