I dag er det ikkje muleg for nye innbyggarar i Hareid å få seg fastlege i kommunen, heiter det i ei saksutgreiing til levekårsutvalet.

Heller ikkje er det kapasitet til å kunne følgje opp den lovfesta retten om å kunne skifte fastlege.Rådmannen går derfor inn for å lyse ut ein ny legeheimel (-stilling) i kommunen. Samtidig blir det peikt på at overgang frå privat til kommunal drift av legetenesta vil vere fordelaktig for rekrutteringa.

Tre av av dei fem fastlegane nærmar seg pensjonsgrensa. Sektoren vil derfor uansett stå overfor store rekrutteringsutfordringar dei næraste åra.I juni 2016 stod tilsaman 5021 pasientar på fastlegelistene i Hareid. Samtidig (1/1 2016) var folketalet i kommunen 5189. Alle fastlegane har fulle lister med ca 1.000 pasientar per lege.

Frå nyttår sluttar også sjukeheimsoverlegen i si 50-prosentsstilling. Rådmannen foreslår at ein i startfasen av den nye stillingsheimelen får til ei kombinasjonsdrift med den 50 prosents stillinga som sjukeheimsoverlege.

Samhandlingsreform og nye forskrifter førte til færre på fastlegelistene

Fastlegeordninga vart innført frå 2001 og erstatta då ei allmennlegeteneste med låg tilgang og kapasitet. Med samhandlingsreforma og ny fastlegeforskrift har krava til behandling og oppfølgjing i kommunane auka – og dermed ført til færre pasientar per fastlegeliste.

Lettare å rekruttere til faste stillingarEin grunn til å gå over frå privat drift til kommunal drift av legetenesta er at mange nyutdanna legar ønskjer seg faste stillingar fordi dei då slepp å binde seg økonomisk. Faste stillingar betrar derfor også rekrutteringsgrunnlaget.

Auka styringsrett og betre integrasjon av legetenesta i resten av den kommunale helse- og omsorgstenesta, er også nemnt som ein fordel ved kommunalt tilsette legar.

Kommunen får finansiert fastlegeordninga ved statlege overføringar. Det er opp til kvar enkelt kommune å vedta kor mange fastlegeheimlar kommunen vil ha.

I Hareid kommune har det så langt vore privat praksis, der legane har hatt avtale med kommunen. Hareid legekontor har i dag fem næringsdrivande fastlegar som er organiserte i eit ANS. Dei leiger lokale med Hareid kommune og har ein avtale om drifting av nettverk og server med kommunen.

Dersom kommunen ikkje lykkast i rekrutteringsarbeidet, må det inn vikarar - ei ordning som er svært kostnadskrevjande og ikkje fagleg like tilfredstillande.

Kan også ha mellomløysingarKommunen kan også satse på mellomløysingar, slik tilfellet er i nærområdet. Ulstein kommune har i dag privat drift - som Hareid. Medan Herøy og Sande har kommunale legekontor. Men ingen av desse kommunane har tilsette fastlegar på fastlønn.

Det økonomiske spennet i avtalane er relativt stort. Legane i Sande har mest, legane i Hareid minst.

Uansett kva modell ein vel – privat eller kommunal – vil det i tida framover også vere behov for andre legeteneste i kommunen utanomfastlegeoppgåvene. Desse oppgåvene må organiserast i kommunale stillingar. Det gjeld sjukeheimslege, helsestasjonslege, kommuneoverlege og lege med ansvar for helseundersøkingar av asylsøkarar og flyktningar.

- Vil uansett måtte bytte lokale

Om kommunen ikkje lykkast i planane med å bygge nytt helsesenter i løpet av kort tid, vil legesenteret uansett måtte bytte lokale. Ein bør då uansett gå i forhandlingar med legane om vidare driftsform for å finne den beste løysinga, heiter det i sakspapira.

Den skisserte løysinga med ein ny fastlegeheimel vil auke utgiftene til legetenestene i Hareid med 600.000 kroner i 2017 og 2018.