Politiet på Sunnmøre ser ut til å ha hatt ei nokolunde roleg natt, men dei skriv på Twitter at dei i løpet av natta stoppa ein bil i Ulsteinvik grunna mistanke om promillekøyring.

Sjåføren i 20-åra blåste til over tillete verdi, melder politiet. Vedkomande vart difor framstilt for prøve og anmeldt.