Fotballfrue, Linnea og Sophie Elise. Du kan lese om dei, og mange andre, kvar dag. Ikkje berre på deira eigne bloggar. Nei, dei dukkar opp i riksavisene, på TV og sjølvsagt på sosiale media. Dei legg ut tekst og bilete av seg sjølve,  glade eller deprimerte, traumatiserte og terapeutiserte, nyinjiserte, nyopererte  og nynedkomne. Kvar gong dei gjer noko som kan fordømmast, får dei spørsmålet: kva tenkjer du om det du har gjort, du er tross alt eit førebilete for mange unge jenter? Spørsmålet kjem fordi vi er uroa for at påverknaden skal vere for stor, og at døtrene våre skal tru og gjere det same som dei.

Merksemda desse unge kvinnene får, og oppstusset dei skapar, har gjeve meg nokre refleksjonar i det siste. Kven var mine førebilete då eg vaks opp, i ei verd utan internett, blogging og sosiale media? Den gong NRK var einaste TV-kanal og film og bøker var dei viktigaste kjeldene våre.  Om eg tenkjar tilbake, kven var det som den gong gjorde slikt inntrykk at dei står tydeleg fram den dag i dag?  Og kan desse kvinneskikkelsene seie noko om meg i dag?

La oss starte med Kulla-Gulla. Eg fylgde henne gjennom fem bøker då eg var i 10-års alderen. Historia utspelar seg i Sverige på starten av 1900-talet. Kulla-Gulla er ei fattig barneheimsjente, som blir sendt til husmannen Karlberg, ein enkemann med fem barn.  Kulla-Gulla er rettvis og beskyttande overfor dei som er svakare enn ho sjølv. Spesielt tek ho seg av husmannssonen Johannis, som er liten av vekst, litt sein til å lære og som får bank både på skulen og heime. Eg huskar ikkje så mykje av handlinga, men karaktertrekka hennar står fram:  klok og smart, venleg og høfleg, kan bli illsint ved urettvise og går i krigen for å beskytte dei som er svake. Dette fører sjølvsagt til konfrontasjonar, med læraren, husmannen og  gutane på skulen. Kulla-Gulla tåler si eiga liding veldig godt, ho klagar aldri, verken over lite mat, kulde, hardt arbeid eller dårlege sko.

I same tidsrom (trur eg),  las eg fleire bøker om amerikanske Pollyanna. Den første boka kom i 1931. Pollyanna er ung og foreldrelaus, og blir sendt til ein liten småby for å bu med si velståande, men kalde og strenge tante. Heile bodskapen i denne boka kan summerast i ei setning: ”Det kunne vore verre”. For Pollyanna praktiserer ”gladleiken” som ho har lært av sin far. Uansett kva situasjon ho hamnar i, finnast det noko å vere glad for. Frå desse bøkene huskar eg eigentleg ingenting, forutan ei episode når Pollyanna brekk eit bein – og er overlukkeleg av at ho ikkje brakk begge!  Med sitt positive menneskesyn og ”gladleiken”, smeltar Pollyanna alle i småbyen, og til slutt blir også den strenge tanta ei hyggeleg dame. Etter bok to var eg faktisk heilt utslitt, etter å ha gått rundt og vore glad for alt mogleg.

I 1977 kom filmen Star Wars.  Eg såg den først ein del år seinare, i 12-års alderen trur eg. På VHS, heime i stova saman med bror min og min filmglade far. Eg trur ikkje mor mi så den saman med oss, krim og sci-fi har aldri vore hennar greie. Mens mine tidlegare heltinner hadde som mål å gjere godt i dei små ting, vart innsatsen no enda høgre. For prinsesse Leia, ho skulle redde ei heil verd. Prinsesse Leia er ei tøff kvinne, målretta, skarp i både hovud og tunge – og bryr seg ikkje om kva andre tenker om ho.  Ho er ein krigar, og gjer dei same tinga som Han Solo og Luke Skywalker. Ho skal nedkjempe imperiet same kva det kostar. Ikkje tid til tull og kos!  Prinsesse Leia representerte ei ny type kvinne på film. Som professor Diana Dominguez seier i artikkelen Feminism and the Force:” ... Leia is a hero without losing her gendered status; She can be strong, sassy, outspoken, bossy, and bitchy, and still be respected and seen as feminine.” Så det så!

I min oppvekst var tysdagane eit høgdepunkt. Det var bladdag. Tre ulike blad kom med posten. KK til mor, Agent X9 til min teikneserieglade far og Donald til oss ungane. Donald las vi frå perm til perm fleire gongar i løpet av ei veke, og sida ei veke varte lengre då enn no, las eg også blada til foreldra mine. Eg skjønte ikkje alt som stod verken i KK eller i Agent X9, men i spionbladet til far min fann eg Modesty Blaise. Etter ei fortid som kriminell er Modesty no hemmeleg agent for MI6, og saman med følgjesvennen Willie Garvin reiser ho over heile verda og fangar skurkar. Ho er kunnskapsrik, svært intelligent, og snakkar fleire språk flytande. Og sjølvsagt er ho veldig vakker. Om prinsesse Leia er cool, er Modesty Blaise supercool. Det er ingenting som kan få den kvinna ut av balanse. Der Prinsesse Leia seier det ho meiner, seier Modesty Blaise lite. Ho liknar heller litt på Kulla-Gulla: tåler eiga liding (som det er og har vore mykje av), kan  bli illsint ved urettvise, og går i krigen for dei svake. Og i Willie har ho si Johannis som ho gjer alt for å beskytte. Nåja, Willie Garvin greier utmerket godt å ta vare på seg sjølv, men han kjem ofte opp i trøbbel som Modesty må redde han ut av.  Til tross for nokre likskaper, Modesty Blaise skil seg markant frå både Kulla-Gulla, Pollyanna og Prinsesse Leia, tvers gjennom gode som dei tre er.  Modesty er trena i ein lang rekke kampsportar, ho handtera mange typar våpen, og  er ofte i kamp på liv og død. Kanskje ikkje noko for ei lita jente å sjå opp til, men eg syntes ho var heilt fantastisk.

Har desse heltinnene vore med å forma meg? Påverka haldningane mine og verdiane mine?  Eller er det rett og slett slik at eg huskar dei så godt fordi eg kjente meg igjen i dei? For det skal seiast, eg har alltid stått opp for urettvise og eg har alltid tatt parti med dei svake. Eg er ofte den raskaste til å faktisk seie høgt; ja, ja, det kunne vore verre (skrekk og gru – ei levande Pollyanna!), og eg har forsøkt gjennom eit miljøengasjement å redde verda – litt. Lærdommen frå Kulla-Gulla, Polyanna og til dels prinsesse Leia kan eg dra nytte av, litt kvar dag. Den einaste som ikkje har passa inn i likninga er Modesty Blaise. Heilt til no. For tidlegare i vinter begynte eg å trene karate, og det kjentes overraskande naturleg ut.  Eg likar intensiteten, krafta og det skjerpande ved treninga. Eg kjenner meg sterkare og meir tilstade. Og når eg gjer det riktig bra – uovervinneleg nesten. Er det mi indre Modesty som kjem fram? Men kva vil ho med meg? Og kva skal eg bruka ho til? Det får eg gruble meir på til seinare.

P.S! Eg las også bøkene om Nancy Drew.  Mange gongar til og med. I dag synes eg Nancy  står fram som keisam, ordentleg – ja litt sånn politisk korrekt. Så eg valde å ikkje ta ho med. For kven vil vel vere det?