Etter ei helg med flott vêr, med sol og over 20 varmegrader, går vi no inn i ein periode med meir tradisjonelt haustvêr. Det vil på våre kantar seie regn og vind.

Tysdag startar med lett nedbør, deretter vert det berre verre. Utsette stader på Sunnmøre kan vi vente oss vindstyrke på opptil liten storm tysdag kveld. Vinden vil etter kvart gå over til kuling, men det vil i følgje YR.no blåse og regne heilt fram til helga.

Som ei lita trøyst kan vi nemne at Vestlandet sør for Stadt, Sørlandet og Austlandet får det langt meir ufyseleg. Meteorologisk Institutt har sendt ut OBS-varsel for i alt 11 fylke avdi dei ventar sterk vind og store nedbørsmengder.

Det er restane av den tropiske stormen Karl som no er venta å treffe store delar av Sør-Noreg.