For nokre år sidan vart det sett ned eit utval, Kommunelovutvalet, som skulle sjå på ny kommunelov. Kommunelovutvalet har no kome med eit forslag til endringar i lova. Utvalet meiner sjølv endringane deira vil styrke det kommunale sjølvstyret, betre eigenkontrollen hos kommunane og kontroll med merksemder som utforer oppgåver for kommunane og forenklar reguleringa av kommunesektoren.

Slutt på rådmann

Mellom anna foreslår Kommunelovutvalet at ein skal slutte å bruke tittelen rådmann om kommunen sin øvste administrative leiar. No skal det heite kommunaldirektør. Det skal vere ei klar rollefordeling mellom folkevalde og administrasjon.

Utgreiing av saker skal gi eit faktisk og rettsleg grunnlag for å treffe vedtak.

Forvirrande

Kommunane skal no gje tilbakemelding til forslaga til endringar. Konstituert rådmann i Ulstein, Verner Larsen, foreslår for politikarane at dei skal gje tilbakemelding om at ei slik endring vil skape forvirring. Kommunedirektør er ei tittel som i dag blir nytta på ulike nivå for kommunale leiarstillingar.

Medan tittelen rådmann er godt innarbeidd og heilt eintydig, meiner Larsen.

Rådmannen i Hareid, Ragnhild Velsvik Berge, har ikkje innvendingar mot tittelendringa.