Fredag kveld var Sindre Bakken på kino for å sjå «Kongens nei». Han var 12 år i 1940, og opplevde både bombinga og såg kong Haakon og kronprins Olav då dei flykta.

Han er busett i Hjørungavåg, men er fødd på Bakken ved Trysil i 1928.

Då krigen braut ut i 1940 hadde familien Bakken flytta til Nybergsund. Dei budde 150 meter frå krysset som fører til svenskegrensa, Elverum og Røros.

- Lite å sjå av Nybergsund i filmen

– Eg er litt skuffa over at det var vanskeleg å kjenne seg att geografisk. Det var lite å sjå av Nybergsund i filmen, samanfattar Bakken rett etter at han fredag kveld såg «Kongens nei» på Sjøborg i Ulsteinvik.

«Kongens nei» handlar om tre dramatiske døgn i Norges historie.

Kong Haakon, kronprins Olav og store deler av regjeringa har søkt tilflukt ved Trysil Turistheim. Så startar tyskarane bombinga, og dei må flykte.

– Statsråd Hjelmtveit, adjutanten til kronprins Olav og nokre andre i følgjet deira, vart innkvarterte heime hos oss. Eg måtte ut og hente ved i eit skjul, og då adjutanten til kronprins Olav såg kva eg skulle, sa han at han ville hjelpe meg, minnest Sindre.

Like etter gjekk flyalarmen og følgjet måtte rømme. Hjelmtveit køyrer til Trysil Turistheim for å varsle om at 11 tyske bombefly var på veg.

- Realistisk scene

I Kongens nei får vi sjå flukta til kong Haakon gjennom skogen, og kor nær han er ved å bli likvidert.

– Eg meiner at denne scena er realistisk. Vi veit at kong Haakon hadde søkt tilflukt under eit digert tre og at ei mitraljøsekule fauk inn i treet, om lag 30 centimeter over hovudet hans. Kuleholet stod lenge i treet, fortel Bakken.

Han såg både kong Haakon og kronprins Olav den dramatiske dagen, 11. april 1940, og han har enno på netthinna synet av den lange og tynne kongen som trakkar seg gjennom den litt mjuke skaresnøen.

På slutten av krigen hadde Bakken begynt i elektrikarlære. Han var med på installasjonsoppdrag, og fekk spesialløyve til å reise med buss i Trysilområdet. Ved ei misforståing var norsk NS-politi ein gong på jakt etter han.

Enda på Sunnmøre

Etter krigen kom tre søstrer frå Hjørungavåg til Storhamar. Kari jobba på Bondeheimen, og Sindre vart ivrig etter å ete middag der. Det enda med giftarmål, og på midten av 1950-talet flytta dei til Hareid.

– Første elektrikarjobben min her på Sunnmøre var hos Bigset & Nevstad. Så fekk eg lyst på sjøen, og eg har vore i utanriksfart med «Bruse Jarl» og eit år på Hurtigruten mellom Bergen og Kirkenes, fortel Bakken.

Han avslutta arbeidskarrieren sin ved Hjørungavåg Verksted.

Sindre Bakken har vore ein ivrig jeger. I mange år tok han turen heim til Trysil kvar haust for å vere med på elgjakta, og her på Sunnmøre har han vore ein dugande hjortejeger. Men no har han runden 88 år og har slutta med jakt.

Filmen «Kongens nei» meiner han er eit godt historisk dokument, sjølv om han er skuffa over at han ikkje kjende seg meir igjen reint geografisk.

Dyktige skodespelarar

Underteikna, som såg filmen same kveld, er spesielt imponert over spelet til danske Jesper Christensen. Han briljerer som kong Haakon. Også Anders Baasmo Christiansen (kronprins Olav) og Gerald Pettersen frå Fosnavåg (statsminister Johan Nygaardsvold) gjer gode figurar. Men regjeringa Nygaardsvold kjem ikkje heldig ut av filmen.