Møre og Romsdal Høgre uttaler at dei vil behalde Heimevernet.

Med ein årleg auke på 300 millionar får me eit fullfinansiert HV. Det meiner dei Noreg har råd til.

Heimevernet er den eineste gjenverande delen av Forsvaret som er landsdekkande og dekkjer i dag også kystlinja. Heimevernet løyser sitt territorielle oppdrag for berre 3 % av Forsvarsbudsjettet. Forsvarssjefens fagmilitære råd anbefaler nedlegging av Sjøheimevernet (SHV) og Møre og Fjordane HV-distrikt 11.

Fylkeslaget av Høgre argumeterer med at dagens SHV kan bidra til overvaking og kontroll av store delar av sjøtransporten langs vår langstrakte kyst og utgjer ein heilt naudsynt kapasitet for sikring av objekt med sjøside. HV-11 er ein operativ stab som har forutsetning for å leie operasjonar innan Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane ned til Sognefjorden, eit område som det tar 10 timar å køyre gjennom.

- Ved å vise til Totalberedskapen i Politidistrikta som består av Politi, Sivilforsvar og Heimevernet oppmodar me Regjeringa å oppretthalde HV 11 og SHV som dei er organisert og bemanna i dag, skriv fylkesleiar Geir Ove Vegsund i ei pressemelding.