Underteikna var til stades i Ulstein kyrkje då musikarane og opplesar hadde gjennomgang av konserten, og det vart ei spennande stund med nye klangar. Miki Campins frå Kanariøyane, som er busett i Ålesund, spelar både perkusjon og marimba, og saman med Ståle Helvig sitt piano og orgelspel, og Jan Thormodsæter sin bass blir det eit mektig lydbilete.

Tekstar til stemnings- skapande musikk

«Kvelv bak kvelv utan ende» har tekstar av Tomas Tranströmer, Robert Bly, Jan Ove Ulstein og Øystein Orten. Tekstane er tonesett av Odd Goksøyr, som også har laga den samanbindande teksta. Goksøyr og Helvig står for arrangementa. Gunn Marthe V. Pieroth er songsolist, og saman med Øystein Orten også opplesar.

Det er ikkje noko lett program aktørane har gitt seg i kast med, men med musikk til blir det både stemningsskapande og litt lettare.

Tittelen «Kvelv bak kvelv utan ende» er henta frå Tranströmers dikt «Romanska borgar», og dveler ved det store spørsmålet kva eit menneske er.

Menneske i ulike livssituasjonar

Konserten blir både starta og avrunda med eit kyrkjeleg/liturgisk preg med song og orgel, utan å vere kyrkjeleg i innhald.

– Men eg synest det passar. Eg har ein tanke om at dette er tekstar som også høyrer heime i kyrkja. Det er tekstar om menneske i ulike livssituasjonar og ulike drag ved menneskelivet, forklarer Goksøyr.

Denne gjengen gler seg til å halde konsert i Ulstein kyrkje søndag 2. oktober. Frå v.: Jan Thormodsæther, Miki Campis, Ståle Helvig, Odd Goksøyr, Gunn Marthe V. Pieroth og Øystein Orten. Dei står bak Miki Campis sitt marimba-instrument.