I samband med at Stortinget denne hausten skal behandle langtidsplanen for Forsvaret, er det forelåstt å leggje ned HV-11, som er heimeverndistriktiet for Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Dette har ført til ein del protestar. Tidlegare i veka gjekk Møre og Romsdal Høgre ut og protesterte på nedlegginga, i dag er det Møre og Romsdal Framstegsparti sin tur.

Dei meiner at Forsvaret har ei særs viktig oppgåve i samfunnet.

- Forsvaret skal, i ytterste konsekvens, kunne beskytte landet vårt mot aggresjon utanfrå. I tillegg har Forsvaret i fredstid viktige oppgåver i samfunnet. Noreg har eit landsdekkande forsvar for å vareta desse utfordringane, skriv Møre og Romsdal Framstegsparti i ei pressemelding.

Dei skriv vidare at me er avhengige av at Forsvaret har ei brei tilslutning i folket. Denne tilslutninga blir skapt av at Forsvaret er til stade der folk bur. I dagens HV-11 bur det nærare 400 000 menneske.

Dei viser til at Møre og Romsdal har ein unik geografi, men fjell og fjordar. Fleire gonger har Forsvaret bidratt i akuttsituasjonar, det er truleg at dette også vil skje i framtida. Den unike situasjonen Møre og Romsdal har, men fleire ustabile fjellparti, gjer det truleg at me er avheninge av eit effektivt forsvar lokalt.

- Det er opnebart at ei lokal leiing av Forsvaret betre vil bistå det sivilie samfunnet enn kva ei meir sentralisert leiing av forsvaret kan, meiner fylkeslaget og legg til at det er viktig med lokalkunnskap.