Den eine velvaksne poteta etter den andre har i tur og orden blitt presentert her på vikebladet.no. Den siste var Harald Røyset i Hovden som kunne grave fram eit velvakse eksemplar av typen Asterix på 710 gram.

LES OGSÅ: – Det var nesten så eg kvapp då ho kom opp av jorda

No har også klokkaren i Ulstein sokn, Inge Kaldhol, kasta seg ettertrykkeleg inn i tevlinga.

Tysdag 27. september hausta han nemleg ei retteleg monsterpotet på heile 1195 gram.

Rett nok vart ikkje funnet gjort på heimegarden, men i åkeren til dottera og svigersonen som bur på Randaberg i Rogaland. Men potet er potet.