Anita Skorgan har vore stabilt tilstades som både komponist og songar i meir enn tre ti-år. Ho er kjend for si sårbare formidlingskraft og usvikelege kvalitetssans.

Seinast vil mange hugse henne frå TV-programmet ”Hver gang vi møtes” der andre kjende songarar tolka songane hennar – og der ho sjølv imponerte med ei uvanleg vakker tolking av Ole Paus-songen ”Det begynner å bli et liv”.

Anita Skorgan har gitt ut over 20 album. På det siste, ”La høsten være som den er”, presenterte ho songar over eit vidt spekter.

I bandet i Hareidhallen denne kvelden får vi høyre Olav Torget på gitar, David Fjelde på bass/vokal og Kjetil Bjerkestrand på piano/keyboard. Bjerkestrand er ein av dei store namna i norsk musikkliv. Han er sjølv utøvande på piano/keyboard, er komponist, arrangør og plateprodusent. Han har arrangert musikk for ei rekke kjende internasjonale og nasjonale artistar – som Ray Charles, Keith Emerson, Aha, Sissel Kyrkjebø og Dum Dum Boys. Berre for å nemne nokre.

Anita Skorgan skal også halde julekonsertar i år – i lag med ”vår eigen” Rein Alexander. Dei aller fleste er ”austafor”, men avslutningskonserten går i Molde domkyrkje 21. desember.