– Er det noko som plager deg har du to val. Anten kan du sitje på ræva og klage, eller så kan du reise deg og få gjort noko med det.

Jan Kenneth Steinsåker sit definitivt ikkje på ræva når det gjeld å skape engasjement rundt nedlegginga av Heimevernsdistrikt nummer 11, slik det er foreslått i regjeringa sitt forslag til langtidsplan for forsvaret. I tillegg inneheld denne planen ei rekkje kutt, nedskjeringar og prioriteringar som har skapt frustrasjonar andre stader i landet.

– Vert denne planen vedtatt blottstiller vi heile kysten frå Bergen til Trøndelag. Verken Møre og Romsdal eller Sogn og Fjordane vil ha att eit einaste forsvarselement. Og kriseberedskapen er det ikkje tatt omsyn til i det heile. Fylkesmenn og ordførarar kjem ikkje til å ha nokon å ringe til når katastrofen råkar, seier Steinsåker.

Ideen om vardetenninga vart klekt ut av ei gruppe privatpersonar i Ryfylke i sommar og per no er det planlagt vardetenning rundt 100 stader over heile landet om kvelden 30. september.

På Hareidlandet vert vardetenning på Hasundhornet og elles i distriktet skal det tennast vardar på Leinehornet i Herøy, på Melshornet i Ørsta, Sukkertoppen i Ålesund og truleg vert det også tent varde på Sulafjellet i Sula kommune.

– Min tidlegare nabo på Nordfjordeid, Are Fagerli, vil dessutan tenne ein varde ved landets eldste eksersisplass på Eid, seier Steinsåker.

Onsdag kveld var Jan Kenneth Steinsåker og tre andre karar, områdesjef for Sørøyane HV-område Hans Ole Låbakk, Torstein Nytun og Kurt Erik Nesje, i ferd med å bere opp ved som skal nyttast til vardebrenninga.

– Vi reknar med å brenne opp 6–7 sekkar med ved. I tillegg skal vi utstyre oss med bilbatteri og ein lyskastar slik at vi skal verte godt synlege, seier Jan Kenneth Steinsåker.

Veden er det far hans som har hogd.

– Eg gav far beskjed om at eg forsyner meg med ved, og så kan det vere julegåva i år. Det gjekk han med på.

No vonar dei at flest mogleg tek turen opp til Hasundhornet fredag kveld.

– På Facebook er det så langt 30 stykke som har sagt at dei kjem, i tillegg til 90 som er interessert. Vêret ser heller ikkje ut til å verte så aller verst. Det vert halde ein appell på toppen og så reknar vi med å halde på eit par timar til all veden er brunnen opp, seier Jan Kenneth Steinsåker.