På landsbasis går talet på born som døyper seg ned, men i Ulstein står framleis tradisjonen sterkt.

Kapellan Jørgen Skogestad Kleiven, hadde førre torsdag sin første dåpssamtalar i Ulstein Kyrkje.

Heile 79 prosent døypte borna sine i Ulstein kommune i 2015, mot 57 prosent på landsbasis, i fylgje tal frå SSB. Ulstein kommune er med andre ord langt over snittet for landet, og går mot straumen, skal ein tru statistikken.

Tradisjon

– Det er sjølvsagt stas at så mange i Ulstein vel å døype borna sine, seier kapellan Jørgen Skogstad Kleiven.

Cathrine og Jørgen Hageselle var to av dei som var til dåpssamtale denne kvelden. Dei trur det er tradisjon som gjer at dåpen framleis står sterkt i Ulstein. – Vi har inntrykket av at det står sterkt her. Det er vel mykje grunna tradisjon. I tillegg vil vi vidareføre trua vår til borna, og vi var i alle fall sikre på at vi ville gjere det, seier dei.

Anne Hestflått skal også døype barnet sitt. Ho synest det er ein fin måte å presentere barnet på. – Ein får presentert barnet for kyrkjelyden, og så vidarefører ein jo trua ein sjølv har. Men det har nok mykje med tradisjon å gjere også, seier ho.

Ny kyrkje

Og med den stabilt høge dåpsprosenten, kjem den nye kyrkja som er planlagt i Ulstein, godt med. Kapellan Kleiven seier han er glad den kjem.

– Eg er veldig glad for at den nye kyrkja kjem. Og det er bra at den kjem på grunn av behovet for den, og ikkje berre fordi det er kjekt med ei ny kyrkje. Ein ser mellom anna at det er for liten plass ved enkelte gudstenester, som til dømes ved konfirmasjon og på julaftan. I tillegg er dei fleste kristne aktivitetar for barn og unge på Fredheim, og det vil verte fint å kunne samle det på same stad, seier Kleiven.

Kleiven, som tok til som kapellan frå 1. august, seier også at han har funne seg godt til rette i sin nye jobb.

- Eg har no fått vore innom det aller meste, kanskje utanom dåpssamtale. Og med heile elleve foreldrepar og born her i kveld, vert det spennande å ta til på den oppgåva også, seier han.

Kapellan Jørgen Skogestad Kleiven er glad for at så mange vel å døype borna sine i Ulstein. Foto: Torger Havåg