Politiet vurderer no om dei skal evakuere naboar til huset som tok til å brenne på Nerlandsøya i dag tidleg. Det vert meldt om at huset no er overtent og at røykutviklinga er omfattande.

Herøy Brannvesen fortel at det er vind i området, men at det ikkje er fare for at brannen skal spreie seg. Dei har fått forsterkingar frå brannvesenet i Ulstein.

Det var litt over klokka åtte i dag at det vart meldt om røykutvikling i eit hus på Nerlandsøya. Dei som budde i huset kom seg i sikkerheit, men ein person får behandling for røykskader.