Sist laurdag hadde T. Riise oppussingssal. For å tømme butikken for mest mogleg varer gav Johs. Christian Riise god rabatt på kleda. Og kundane strøymde til butikken og var flinke til å handle.

– Eg vil rette ein stor takk til alle som besøkte meg og gjorde jobben med oppussing lettare, seier Riise.

Han var usikker på om han hadde sett av nok tid til ryddesalet, men kvart på tre laurdag ettermiddag var jobben gjort.

Under ryddesalet fekk Johs. Christian Riise om han ville leggje ned butikken i Hareid, men det har han på ingen måte planar om. – Då ville eg i alle fall ikkje ha pussa opp lokala, kommenterer han

Får seg ei ansiktsløfting

Det er både klebutikken og frisørsalongen som blir pussa opp. Riise fortel at lokala er snart 20 år, så det var forskjellig som måtte fiksast som ventilasjon og elektrisk. Og når dei først er i gang, så pussar dei opp lokala også.

– Det blir ei remodernisering av lokala, forklarer Riise.

Forandringane skal ikkje vere større enn at folk framleis vil kjenne seg att i lokala. Han vil vidareføre dagens konsept, som han har inntrykk av at kundane likar godt.

– Hareid har ein tradisjon for handel, slår han fast og legg til at det betyr mykje for han personleg å ta vare på butikken på Hareid.

Æra og T. Riise har to ulike konsept, og det går bra med båe butikkane.

Vil tilby voksing

– Art Frisør er 15 år neste år, men sidan T. Riise er 60 år no, heiv me oss med, fortel Gunn Helen Dimmen som driv Art Frisør.

Tre av frisørane har vore på kurs og lært voksing av bryn og andlet, så dette blir eit nytt tilbod ved salongen. Dei vil også tilby vippe-extension, som er populært no.

– Det er kjekt med meir tilbod på Hareid, kommenterer Dimmen, så slepp kundane å fare så langt.

Under ombygginga blir det opna opp meir mellom frisørsalongen og klebutikken. Frisørsalongen blir ti kvm større.

Opningsfest

I månadsskiftet september/oktober er T. Riise 60 år, såleis passar det bra at butikken opnar i nyoppussa lokale onsdag 5. oktober.

– Då blir her kake, kaffi og gode tilbod til nye og gamle kundar. Då er alle hjarteleg velkomen innom, avrundar Johs. Christian Riise.

Johs. Christian Riise pussar opp butikken sin på Hareid og satsar vidare. (arkivfoto) Foto: Johan Slåttavik