Då Turid Hofseth i Ulsteinvik i 14-årsaldren jogga forbi eit svært så staseleg hus, sa ho til mor si etter på at dette huset skulle bli hennar ein dag. Og draumen gjekk i oppfylling.

Huset som Turid jogga forbi ligg ovanfor Ottavika og var heimen til Thomas og Antonie Hatlø. Eit stort kvitmåla hus i jugendstil med ei takhøgd i hovudetasjen på 295 cm, og som bar namnet «Solhøgda».

Men åra gjekk og Turid gløymde draumen om det gamle, flotte huset.

– Så, ein dag medan eg sat på jobb hos Rolls-Royce ringde mor mi og sa «no er huset ditt til sals». Då vart draumen vekt til live igjen, og eg og mannen min bestemte oss for å ta ein titt på det innvendig.

Stor jobb

– Vi såg at det ville bli ein stor jobb å restaurere det, men vi såg også at det var eit hus med potensial, fortel Turid.

Høgda under taket, den breie trappa opp til andre etasje og det vakre listverket var detaljar som dei likte svært godt.

Og så forelska dei seg i tomta og hagen. Huset ligg fredeleg til i ein stor hage, men er likevel sentrumsnært.

Etter ein omfattande restaureringsjobb, der dei blant anna har fått taka tilbake til gamle høgder, flytta dei inn i «Solhøgdi» i 1995.

– Det var heilt essensielt for oss å behalde den opphavlege stilen på huset då vi gjekk i gang med restaureringa. Eit snikkarlag vart leigd inn til sjølve jobben, men vi har fått mykje hjelp og gode råd frå far min som sjølv er byggmeister, fortel Turid.

No har ho dei budd i «Solhøgdi» i 21 år.

– Det kjennest godt å bu her framleis. Men no har vi budd her så lenge at vi snart må til med oppussing. Parketten skulle ha vore pussa og kjøkkeninnreiinga er ikkje lenger så fin å sjå på, meiner ho.

Tidlaust

Turid, som driv dameklebutikken Bizarre i Ulsteinvik, har lagt seg på ein klassisk interiørstil.

– Eg likar tidlause ting, og eg likar at tinga som er i huset betyr noko for meg. At dei vekkjer gode minne.

Sjølv om badet no er 20 år, meiner Turid det står seg godt. Dei lyse flisene passar godt til huset, og det same gjer vask og toalett.

Den breie trappa som svingar seg opp til andre etasje vart restaurert av Pilskog Trevare, og inngangsdøra som var ny for 20 år sidan er framleis eit smykke i huset. Turid teikna ho sjølv, og gav Ege dører i oppdrag å snikre henne.

– Viss eg skal summere opp så er konklusjonen i dag at vi er like glade i hagen og området som i sjølve huset. Det er ikkje tilfeldig at huset heiter Solhøgdi. Her er sol frå ho står opp til ho går i havet, og sjølv om huset ligg nær Ulstein Verft det likevel skjerma frå verftsområdet. Men vi skulle hatt meir tid til å framelske hagen. Og så skulle klimaet ha vore betre, slik at vi kunne sitje meir ute og nyte den vakre naturen.

Men det finst eit råd for det meste. No er ekteparet i ferd med å byggje ei utestove i vinkel med det gamle vedhuset. Med platting framføre og gamle rosebusker oppetter veggane kan dei snart nyte naturen og Solhøgdi bak vernande glasdører.

Det er fint å ete frukost på eit slikt kjøkken.