Vikebladet Vestposten var tidleg ute med nettavisa vikebladet.no.

– Sidan år 2000 har vi fora lesarane med gratis nyhende på nett. PC, nettbrett og smarttelefonar er allemannseige, og vi må vere der folk er og formidle nyheitene der dei skjer. Då må mykje av formidlinga skje digitalt, forklarer redaktør i Vikebladet Vestposten, Anne Gry Eilertsen.

Trafikkauke

Trafikken på vikebladet.no har auka sterkt sidan starten i år 2000, og i Hareid og Ulstein er nettavisa den største nettportalen.

– Vi er større enn både VG og smp.no. I løpet av ei veke er meir enn 15.000 unike brukarar innom vikebladet.no. På mobil har vi over 14.000 unike brukarar i veka, seier Eilertsen.Ho understrekar likevel at journalistikk kostar.

– Når talet på abonnentar minkar, mykje på grunn av at folk meiner dei får lese det dei treng på nettavisa vår, må vi ta grep, fortel redaktøren.VG var tidleg ute med ei betalingsløysing, Sunnmørsposten kom etter i fjor, og fleire lokalaviser har gjort det same.Frå 5. oktober vil altså ein del av sakene til vikebladet.no vere berre FOR ABONNENTAR.

– Dette fordi folk som abonnerer på Vikebladet Vestposten skal føle at dei får noko som er eksklusivt for dei, seier Anne Gry Eilertsen som forklarer at alle som er abonnent har tilgang på e-avisa.

– Den blir tilgjengeleg for abonnentane frå klokka 22.00 kvelden før papiravisa kjem ut. Same kvar i verda abonnentane måtte vere, berre dei har mobildekning, kan dei lese heile papiravisa på nett. Og dei får tilgang på FOR ABONNENTAR-sakene våre, seier ho.

Har du ikkje laga deg ein brukarkonto for tilgang til eAvis og "For Abonnentar"? Dersom du får problem kan du kontakte kundeservice.

Ho fortel at det vil ikkje bli slik at alle saker på vikebladet.no blir lagde bak ein betalingsmur.

– Løpande hendingsnytt skal framleis vere ope. Skjer det til dømes ei ulykke eller ein brann, skal saka raskt og gratis ut på nett. Det same vil vere tilfelle med pressemeldingar og næringslivskontraktar.Blant sakene FOR ABONNENTAR blir eksklusivt næringslivsstoff, featurreportasjar, portrettintervju, helgastoff og lokal sport.

Framleis god oppdatering

Anne Gry Eilertsen seier at Vikebladet.no framleis skal ha ei god oppdatering. – Ved å leggje ut ein del saker til FOR ABONNENTAR slepp vi å spare dei gode sakene til papiravisa har kome ut, så oppdateringa skal bli minst like god som i dag, seier redaktøren som meiner at det skal ha sine klare fordelar å abonnere på Vikebladet Vestposten:

– Abonnentar får papiravisa tilsendt tre gonger i veka, gratis tilgang til e-avisa frå klokka 22.00 kvelden før utgjevardag – og gratis tilgang på alle nettsaker. Vi kjem også med nysatsinga VikebladetUng. Eit tilbod til alle mellom 18 og 33 år, som til ein rimeleg pris får full digital tilgang på eAvisa, arkivet vårt og alt som blir publisert digitalt, framheld redaktør Eilertsen.