Fylkeskommunen har lagt Fylkesplan for Møre og Romsdal 2017-2020 ut på høyring. Planen skal gje fylkeskommunen, kommunale og regionale styresmakter, næringsliv, institusjonar og organisasjonar i fylket eit prioriterings- og avgjerslegrunnlaget. Planen skal også medverke til godt samarbeid og samhandling i fylket.

Tysdag 4. oktober har Ulstein formannskap møte. Då skal dei mellom anna kome med si tilråding til planen.

Rådmannen foreslår at dei sluttar seg til hovudmåla i fylkesplanen. Ulstien kommune har felles mål med fylket når det gjeld både satsing på kultur, næringsutvikling og utvikling av attraktive tettstader, og dei ser for seg fleire moglege fellesprosjekt.

Konkurransedyktige internasjonalt

- I den situasjonen næringslivet er inne i ber vi om at det spesielt vert prioritert arbeidinn mot målsettinga om å ha eit "internasjonalt konkurransedyktig næringsliv, heiter det til tilrådinga til vedtak.

– Naturlege senteret

– Innanfor punktet "Møre og Romsdal skal ha attraktive byregionar og tettstader" vil Ulstein kommune peike på behovet for tilføring av midlar til tettstadutvikling og peike på at Ulsteinvik er det naturlege senteret for søre Sunnmøre ut frå vekst, plassering og arbeidsplassdekning, skriv rådmannen.

I sakspapira blir det vist til den enorme utviklinga kommunen har hatt dei 10-15 siste åra. Det har vore kraftig vekst i folketalet, og det vil det nok bli framover også. Ulstein har eit stort overskot av arbeidsplassar, den tiande høgste arbeidsplassdekinga i landet.

Kommunen har arbeidd for å utvikle ein tett og attraktiv by og vil halde fram med dette vidare.

Sjølv om Ulstein har færre innbyggjarar enn Molde, Kristiansund og Ålesund, meiner dei at Ulsteinvik bør sidestillast med desse byane, ettersom Ulstein også har spelt ei særskilt rolle i sin region når det gjeld busetting, arbeidsplassar, kultur- og fritidsaktivitet, handel, samferdsel og utdanning.

–  Ulsteinvik bør difor sjåast på som bysenter for Søre Sunnmøre, heiter det i sakspapira til Ulstein formannskap.