Hausten 2013 vart den kommunale Hjørungavåg barnehage lagt ned – og born og tilsette flytta til ulike andre barnehagar i kommunen.

Det likte bygdefolket dårleg. No ligg det an til eit «come back» for barnehagedrift i bygda. Hareid formannskap har saka på sakskartet komande måndag.

Til møtet ligg det føre ein intensjonsavtale mellom Hareid kommune v/rådmannen og Hjørungavåg barnehagelag v/ Ole-Markus Pilskog om overdraging av eigedomen for kr. 650.000,-. (Barnehagelaget har i ein tidlegare fase foreslått kr. 1,-). Men rådmannen meiner saka – av prinsipielle grunnar - må handsamast i to vender: Først må ein prinsippavklare kven som har førsteretten til å kjøpe eigedomen. Deretter må politikarane eventuelt vedta intensjonsavtalen om avhending av bygg og eigedom. Planane til Hjørungavåg barnehagelag går ut på å etablere ein friluftsbarnehage med to avdelingar. Tanken er at borna skal vere mykje ute.

- Vi har eit flott uteområde, med nærleik til både strand, skog og vatn. Barnehagetilbodet i Hjørungavåg kan bli unikt, sa Ole-Markus Pilskog i eit avisoppslag i 2014.

I avtalen står det at Hjørungavåg Barnehagelag må sjølve stå økonomisk og praktisk ansvarlege for vidare opparbeiding og vedlikehald av tomtearealet, inkludert uteområde med leikeplass og leikeapparat. Eit vilkår for å kunne drive barnehagen er at han får godkjenning og tilgang til kommunale tilskot.