Børge Løset skildrar til Sunnmørsposten ein oppvekst med massiv mobbing i grunnskulen, og at verken kommunen eller skuleleiinga gjorde noko for å stoppe det.

Han er i dag busett i Bergen, og er 45 prosent uføretrygda. Diagnosen er posttraumatisk stressliding, noko som vart påvist etter mobbinga.

I intervjuet med Sunnmørsposten seier Flø at han stort sett dagleg vart utsett for psykisk og fysisk mobbing gjennom heile grunnskulen. Juling, truslar og steinkasting var ikkje uvanleg.

Advokaten til Glen Børge Flø meiner at det er sentralt at skuleleiinga kjende til mobbinga, og at han kjem til å krevje ei omfattande erstatning. Eit sentralt spørsmål er om klassestyrar, rektor, inspektørar og andre var klar over at mobbinga fann stad.

Konstituert rådmann Verner Larsen vil ikkje kommentere påstanden før rettssaka startar i Sunnmøre tingrett onsdag 5. oktober. Det er sett av tre dagar til saka.