Tertialrapporten for 2. tertial 2016 er klar, og blir lagt fram for dei politiske utvala, formannskapet og kommunestyret.

Til no i år ser ein tydeleg at aktivitetsnivået i området er på veg ned. Skatteinntektene i høve til landsgjennomsnittet går ned og der er ein markant inntektssvikt på byggjesakshandsaming og gebyr på oppmåling.

– Dersom det ikkje raskt vert skrive nye kontraktar på bygging av skip vil utviklinga halde fram inn i 2017, spår økonomileiar Steinar Nummedal.

Overskridingar på oppvekst

Ny modell for kor mykje barnehagane skal få i tilskot førte til at kommunen i sommar måtte betale ut 630 000 kr for 2015.

Samtidig har staten innført redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid i barnehagen. Mange nyttar seg av den nye ordninga som gjer det mogleg for barn med føresette med låg inntekt å nytte seg av plass i barnehage.

– Redusert foreldrebetaling blir delvis kompensert for, men ikkje i tilstrekkeleg grad. Det er uansett kommunane som sit att med risikoen, opplyser Nummedal til Vikebladet Vestposten.

Samla sett ventar ein eit underskot på om lag 2,2 mill kr ved årsslutt innan oppvekstsektoren.

Færre byggjesaker

Teknisk etat slit med å halde budsjettet. Regelverket er endra, så folk kan byggje meir utan å søkje. Dessutan merkar kommunen at utfordringane i næringslivet påverkar byggjeaktiviteten. Det er ikkje like freistande å byggje nye hus, garasje eller byggje på huset om ein er usikker på om ein har jobb framover.

Færre byggjesaker gjer at teknisk etat har fått inn 800 000 mindre i byggjesaks- og oppmålingsgebyr enn budsjettert, og der er eit negativt avvik på løn. Det er brukt noko meir på kommuneplanlegging og grøntanlegg enn budsjettert, men på sistnemnde område vil der kome inntekter som kompenserer.

Det var ved inngangen av september i år eit stort negativt avvik i dei sjølvfinansierande tenestene vassforsyning og avløp, men desse områda vil gå i ballanse ved årsslutt etter at andre termin er fakturert abonnentane.

Helse og omsorg

Helse og omsorg forventar å gå med eit underskot på 4 mill kr ved årsslutt. Dei største avvika finn ein på Barnevern (1,8 mill). Legetenesta (550 000 kr) og Omsorg (2,3 mill kr). Samtidig er det brukt 300 000 kr mindre på økonomisk sosialhjelp enn budsjettert. Det forklarer økonomileiaren med at dei i fjor auka ramma.

På grunn av ein feil har kommunen budsjettert med å få veksttilskot to stader i budsjettet. Det er lagt inn både i rammetilskotet og som vekststilskot.

No har Ulstein kommune fått veksttilskot, og det får dei neste år også, fortel Nummedal, men dei får det ikkje dobbelt, difor er det 2 millionar mindre i inntekter enn budsjettert.

Mindre i skatteinngang

Ulstein kommune har vore van med å ha god skatteinngang, langt høgre enn landsgjennomsnittet, men no byrjar han å gå ned. Ved utgangen av august er det framleis eit positivt budsjettavvik på om lag 3,6 mill kr, men kommunen får langt færre kroner no enn tidlegare.

– Fattige er me ikkje endå, men kommunen har ikkje så stor skatteinngang som me er vane med, kommenterer Nummedal. Ulstein kommune har også mindre utbytte på aksjar og fond.

Det ser ut til at Ulstein kommune kan ende på 6,5 mill i minus ved utgangen av året. Kommunen hadde budsjettert med å setje av fire mill på fond ved årsslutt, no ser det heller ut til at dei må tære på fond.

Rådmannen rår politikarane til å godkjenne tertialrapporten slik han ligg føre. Men vil ha med ei formulering om at dei er uroa for utviklinga og pålegg rådmannen å redusere vikarbruk og innkjøp så langt det er råd ut året. Dersom det blir ledige stillingar må ein vurdere om tilsetting kan vente til etter årsskiftet.

Det som kan snu den økonomiske situasjonen i Ulstein kommune i år er ei positiv avrekning på pensjon, slik kommunen hadde i 2015. Men dette er ikkje noko kommunen styrer sjølv.

Denne saka skal opp i levekårsutvalet 5. oktober.