Torsddag klokka 10.00 vart regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2017 lagt fram. Finansminister Siv Jensen (Frp) seier i ei pressemelding at Norge skal kome styrka ut av dei krevjande omstillingane landet no står oppe i, og at budsjettet for 2017 inneheld målretta tiltak for å motvirke arbeidsledigheit i dei regionane og bransjane som er hardast ramma av oljeprisfallet.

- Dette er eit budsjett for fleire jobbar, betre velferd og ein trygg kvardag, seier Jensen i pressemeldinga.

Lokalt har regjeringa forslag om å sørgje for planleggingsmidlar for E39. Her er eit av områda som er peika ut Sulafjorden. Alle områda under E39 som er tiltenkt planleggingsmidlar i statsbudsjettet:

  • - E39 Sulafjorden i Hareid og Sula kommuner

  • - E39 Vartdalsfjorden i Ørsta kommune

  • - E39 Veisund – Breivika i Ålesund kommune

  • - E39 Volda – Furene i Volda kommune

  • - E39 Romsdalsfjorden i Vestnes, Midsund og Molde kommuner

Ein ønskjer å bruke 350 millionar kroner på førebygging og handtering av flom- og skredrisiko, og ein ønskjer å prioritere sikringstiltak i Møre og Romsdal, mellom anna ved sikring av Gjerdeelva i Hareid kommune.

Regjeringa ønskjer også å sette i verk ein ny ungdomsinnsats frå 2017, som skal gje eit arbeidsretta tilbod til arbeidssøkarar under 30 år, som etter åtte vekers ledigheit ikkje er komne i arbeid, studier eller anna aktivitet. Satstinga skal gjelde heile landet, men blir først sett i verk på sør- og vestlandet.

Både Ulstein og Hareid er tenkt tildelt midlar til vedlikehald og rehabilitering av bygg, veg og anlegg i 2017. Totalt ønskjer regjeringa å bruke 650 millionar kroner på slike tiltak, og er fordelt til kommuner som har høgare arbeidsledigheit enn snittet for landet. Her får Ulstein kommune vel 3,9 millionar kroner, medan Hareid skal få 3,5 millionar kroner i 2017.

På landsbasis legg ein i statsbudsjettet opp til ein vekst i kommunane sine frie inntekter på 2,7 prosent. I Møre og Romsdal er veksten rekna til 2,1 prosent.

I Ulstein kommune reknar ein med at dei frie inntektene i 2017 blir på 457.631.000 kroner, ei auke på 8.323.000 kroner, eller 1,9 prosent.

Hareid får ein større prosentvis auke, på 2,4 prosent, og dermed også over fylkessnittet. Her er dei frie inntektene rekna til 274.424.000 kroner, eller opp 6.544.000. Både Sande og Herøy får ein mindre auke enn Ulstein og Hareid i 2017.