Frå august til september var det nedgang i eigedomstransaksjonane i både Ulstein, Hareid og Sande, medan Herøy heldt på augustnivået også i den første haustmånaden.

Herøy er også kommunen der det var flest eigedomar som skifta eigar i september med 20. I Ulstein vart det omsett 16 eigedomar, tre færre enn i august, medan det i Hareid gjekk ned frå 16 i august til 12 i september. Sande dannar baktroppen med seks omsette eigedomar i september, ein nedgang på fem frå 11 i august.

Forklaring til kartet: Kvar sirkel viser kor mange eigedomar som er selt i eit område. Klikk på sirkelen for ei meir detaljert visning. Du kan også klikke deg inn på kvar einskild eigedom for å få historikk. Du kan velje å nytte ei kartvisning eller du kan sjå flyfoto over området ved å trykke på firkanten på høgresida i toppen av biletet.