- Vi veit alt mykje om næringsstoff og kva vi kan bruke algar til. No har vi også funne ut kvar dei beste forholda er for storskala dyrking av tang og tare. Kysten utanfor Møre og Romsdal viser seg å vere svært godt egna, seier rådgivar på akvakultur i Møre og Romsdal fylkeskommune, Rebekka Varne, som har Phd i marinbiologi.

Tang og tare er altså ikkje berre gourmetmat eller helsekost. For alger inneheld også viktige stoff til både mat og medisin. Men i Noreg er det ingen som har prøvd å dyrke tang og tare ute på sokkelen.

- Dyrking av tang og tare krev store område, og det er noko vi har mykje av utanfor kysten. Det vi ikkje visste, var at dei fysiske forholda er betre og meir stabile rett utanfor sokkelen. Møre og Romsdal er perfekt plassert med kort avstand til sokkelen, dermed ligg alt til rette for å starte opp med prøvedyrking.

Vil utfordre industrien

Varne meiner mangelen som hindrar etableringa av ei slik næring i større skala er løysingar for mekanisk hausting og tørking av algen.

- Dette vil vi utfordre lokalt næringsliv på. I Møre og Romsdal har vi lang tradisjon med tørking av fisk og utvikling av mekaniske løysingar til ulike maritime operasjonar. Vi har mange innovative bedrifter som kan bidra med nye løysingar, seier Varne.

Varne vil ikkje spekulere i kor stor næring faktisk kan bli. Men rapporten frå Sintef viser at potensialet er mykje større enn vi var klar over.

- Ideen er å hente ut næringsstoff som kan bli brukt, enten det no er til mat, fiskefôr eller medisin. Siste rest kan bli til biogass. Ei slik tilnærming vil også vere svært gunstig for miljøet. Dette er grønt skifte og utnytting av havrommet i praksis.

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til dialogseminar om marin bioøkonomi onsdag 19. oktober i Kristiansund der taredyrking står på dagsorden. Rapporten frå Sintef blir presentert her.