Då dei første tonane i ”Sirkel av liv” frå Lion King fylde Hareidhallen, var der ytst få tørre seter att. Lill-Marte Apelseth, Lovise Yri, Anne-Liv Holstad og Sofie Gjerde Tonev sette stemme til dei karakteristiske opningsrytmane på swahili, før solisten og programleiaren for kvelden spaserte ut på scena.

Swahili og dansk

Sissel Anita Riise sette tonen med ei rein og fin framføring, og ønskte velkomen til publikum.

- Sjå, der kjem ei løve, oversette ho frå swahili-strofene. Riise bad oss applaudere barnekoret. Det var den første gongen desse gutane og jentene frå Hareid Skule sto på scena. Ho presenterte så organist og solist Claus Askov, frå Danmark.

- Han er svogeren til vår eminente dirigent Jette, ho som får fram det beste i kvar enkelt av oss. Ho skal ha mykje av æra for den flotte klangen, fortalte Riise.

Dirigent Jette Hougaard Holstad snudde seg smilande mot publikum ein augneblink, for å vise fram korpset.

Magetrøbbel til begeistring

Arild Grimstad og Truls Håbakk vekselvis som løveprinsen Simba og hornfuglen Zazu, og surikaten Timon og vortesvinet Pumbaa, trekte låtten ut av store og små publikumarar. Med masker på hovudet og fjørboa rundt halsen, flaksa og spankulerte dei rundt på scenepodiet i forkant av korpset og koret. Sjølv vortesvinet Pumbaa sitt magebesvær vekka begeistring.

- Og det gjekk heilt skeis! Utbraut Truls Håbakk som Pumbaa, og sette bakenden mot publikum.

- Nei! Pumbaa, ikkje når borna høyrer på! Svara Timon, Arild Grimstad.

- Husets herre, dyrepassaren

Musikklaget Melshorn vart ikkje gøymt bak gjestesolistane. Dei gav eit robust grunnlag som trekte vakkert opp bak gjestestemmene, og supplerte med både jungeltonar og musikk for sinte menn. ”Do you hear the people sing?” var eit sjølvsagt nummer frå musikalen ”Dei elendige”, eller ”Les Miserables”. Men det var Truls Håbakk som den ufordaglege Thénardier, med si framføring av ”Master of the house”, som stal merksemda. Han sjangla, slo ut med armar og bein, og det som likna ei flaske alkohol, men som antakeleg var saft.

- Charg’em for the lice, extra for the mice, two percent for looking in the Mirror twice! Sang han.

Musikalreise

Musikklaget Melshorn tok oss med på ei reise gjennom fire kjende musikalar. Lion King gjekk over i Annie, med Sofie Gjerde Tonev som den tøffe, foreldrelause jenta, og sjetteklassingar frå Hareid skule som dei andre barneheimsborna. Sceneteppet bak korpset var til ei kvar tid samstemt med framføringa, no med bilete av sprinkelsenger på rekkje og rad.  ”For eit hundeliv” gjekk over i Les Miserables, og det heile vart runda av med The sound of Music, med Tina Brandal som den klokkereine Maria, og Claus Askov som autoritære Georg Von Trapp. ”Edelweiss”, med Claus Askov som Solist avslutta konserten. Det heile enda i trampeklapp, blomar, og utdeling av ei lita merksemd til Musikklaget. Det vanka ei ekstrarunde av Edelweiss før folket trekte ut i kvelden.

Edelweiss: Tina BRandal utgjorde den lyse, trillande motparten til Claus Askov si djupe stemme i Sound of Music. Lille-Marte Apelseth, Lovise Yri, Anne-Liv Holstad, Nora Eilertsen, Amailie Leine, Leah Moltumyr Rise og Sofie Gjerde Tonev utgjorde Von Trapp-borna. Foto: Mone Celin Skrede.