I tertialrapporten frå andre tertial 2016 for Ulstein kommune kan ein lese at kulturetaten ikkje har nått innsparingsmålet sitt. Økonomileiar Steinar Nummedal skriv i sakspapira at for å nå innsparingsmålet kan ein gjere strakstiltak som reduserer utgifter på kulturområdet betydeleg. Eitt av tiltaka kan vere stopp i utbetalinga av kulturmidlar. Det er 250 000 kroner som blir betalt ut til lag og organisasjonar i kommunen som driv med kultur.

Men til det sa Ulstein formannskap tydeleg frå om at det vil dei ikkje vere med på. Det synest Steinar Torvik (Kristeleg Folkeparti) at blir ei for enkel løysing. Det var ordførar Knut Erik Engh (Framstegspartiet) samd i.

– Me må vere forsiktige med å kutte kulturmidlar, dette er pengar som kulturlivet forventar, kommenterte Engh.