Hareidsordførar Anders Riise (Høgre) set stor pris på pengane Hareid kommune har fått i omstillingsmiddel frå regjeringa. Pengane går til kommunane på Vestlandet som har mista mange arbeidsplassar på grunn av nedgangstidene. Pengane skal gå til å renovere og vedlikehalde bygg, vegar og liknande. Då saka var oppe i Hareid kommunestyre var det viktig for politikarane at kommunen gjennom desse pengane samarbeider med NAV for å sysselsette fleire.

– Kommunen har eit vedlikehaldsetterslep, og no får me gjort noko med det, kommenterer ordføraren.

Hjørungavåg skule

I første omgang er det Hjørungavåg skule no som blir pussa opp. I samarbeid med NAV har dei plukka ut ein del dyktige karar som skiftar bordkledning og får på plass drenering, for å få vekk fuktproblema i garderoben. Dei skal også skifte vindauge og dører på skulen.

– Ein del av dei gamle vindauga har berre eit lag med vindauge. Med nye vindauge vil kommunen også spare ein del utgifter til straum, seier Geir Myklebust, einingsleiar Kommunaleigedom FDV.

Måndag denne veke gjekk dei laus på arbeidet. Det første dei gjorde var å skru opp eit stillas og få på plass eit gjerde, så ikkje borna skadar seg. No har dei også fått vekk ein del av den gamle bordkledninga.

Kvalifisert byggjeleiar

Ein kan ikkje setje kven som helst til ein slik jobb, så dei har leigd inn Asle Mork til å vere prosjektleiar for oppussinga. Han er snikkar og entreprenør og står for den faglege kunnskapen og ansvaret.

Arbeidskarane har litt ulik bakgrunn og alderen spenner frå 20 til 64 år.

– Dei fleste likar ikkje å sitje heime, kommenterer Kurt Brandal som har mista jobben etter ti år i Rolls-Royce. I tillegg har han ein mangslungen arbeidsbakgrunn.

– Dette er ein vinn-vinn situasjon. Kommunen fekk friske midlar til oppussing og dei arbeidsledige får noko å gjere, smiler Riise.

Tanken er at dei arbeidsledige etter denne erfaringa står sterkare rusta når dei skal søkje seg nytt arbeid.

I neste års statsbudsjett ser det ut til at Hareid vil få 3,5 millionar til liknande tiltak. Hareidsordføraren har alt idear om fleire liknande prosjekt.