Over 140 personar løyste billett for å vere med på Hareid Mållag si "Balljegove" på Holesanden tysdag kveld. Nydeleg ball, glitrande historieforteljing ved Runar Haddal om livet på Hareid drosjesentral og i bygda elles, triveleg besøk av Sunnmøre Baarelag og Ståle Røyset i Felleskjøp-dress i ein kommunereform-monolog vart godt motteke av publikum. På Baarelaget sin "Ferjemann på veg" vart heile potetball-publikummet med på refrenget.

På tampen av kvelden vart Ragnhild Strømmegjerde og Lise Muren kalla fram på scena. Dei har vore sjefskokker på mållaget sine balljekveldar i 15-20 år, og det var på tide med heider.

Begge vart utnemnde til æresmedlemer i Hareid Mållag, noko som inneber at dei får kome gratis inn på Balljegovene - til evig tid.

Meir om Balljegova i papir laurdag.