Heimane i Hareid og Ulstein er vel ikkje komplett møblert om dei ikkje er utstyrt med eit eksemplar av Personboka 2000, Hareidlandets «Kven er kven».

No er hjernen bak denne populære boka, Sverre Bjåstad, i ferd med å fullføre ei digital utgåve av Personboka 2000. som han vonar er klar til jul.

Og ikkje nok med det. Også Utflyttarboka, ei oversikt over folk som har flytta frå Hareid og Ulstein, skal også verte å få i digital versjon.

– Då Personboka 2000 kom ut i 2001 kom framsynte Bjarne Wærdahl med følgjande ønskje: Denne boka må vi få på CD! No kjem rett nok ikkje boka på CD, men som e-bok, fortel Sverre Bjåstad. Det betyr at innhaldet i bøkene kan lesast på pc, nettbrett og mobiltelefon.

Ettersom både Personboka og Utflyttarboka vil vere digitale, vil også innhaldet i bøkene vere søkbart. Det vil seie at du kan søkje på ting som namn, etternamn, datoar og stadnamn og så får du opp dei sidene i boka som passar til søket ditt.

Av andre ting som vert nytt i den digitale utgåva av personboka nemner Sverre Bjåstad at alle personane blir kopla mot både far og mor.

Det ligg inne dødsår for dei som har døydd i 2000 – 2016.

Det er gjort rettingar/korrigeringar på noverande Personboka 2000.

Boka vil også innehalde oppdateringane som gjeld utflytta personar og som kom med i Utflyttarboka i 2007.

Sverre Bjåstad har også utvida «persongalleriet» i Personboka 2000. Medan den opphavlege Personboka stoppa i 2000, vil den nye og utvida versjonen gjelde for dei som er fødde i 2001, 2002 og 2003. Dette er dei som går på ungdomsskulen i dag.

– Eg har delt ut skjema på ungdomsskulane der eg ber om å få opplysningar om kvar einskild som skal inn i den nye bokutgåva. Svarfristen er i ferd med å gå ut, så det kan vere lurt om foreldra sjekkar i skulesekkane til borna sine dersom dei enno ikkje har fått heim dette svarskjemaet, seier Bjåstad.

Opplysningane kan også registrerast på ein eigen nettstad som Sverre Bjåstad har oppretta til dette formålet.

Dersom dei digitale utgåvene vert godt mottekne og folk er flinke til å sende inn opplysningar, ser ikkje Sverre Bjåstad det som utenkjeleg at det mot slutten av dette tiåret vil ligge føre ei oppdatert personbok som også omfattar åra etter 2003, både som e-bok og som papirutgåve.