Det har gått fleire år utan at Ulstein kommune og grendelaga på Flø og i Eiksund har greidd å kome til semje om overtaking av dei nedlagde grendeskulane.

Skulane er dårleg vedlikehaldne, og treng brannteknisk oppgradering for å oppfylle krava til bruk. Rådmannen føreslår å bruke 250 000 kr på dette i Eiksund, og 900 000 kr på Flø. Då vil ikkje grendelaga få årlege tilskot slik opphavleg avtale la opp til. På Flø er det ein føresetnad at dei har på plass ein langvarig avtale med Hugo Opdal. Dersom avtale med grendelaga ikkje er signer innan tre månader etter vedtak i kommunestyret, blir bygga lagt ut for sal.

Levekårsutvalet går inn for å skru ned investeringsramma for Flø skule til 500 000 kroner. Formannskapet valde å følgje denne tilrådinga frå levekårsutvalet, men er usikre på korleis grendelaget på Flø vil akseptere det nye tilbodet.

Fleire politikarar meinte at dette var ei vanskeleg sak. Dei synest det er uheldig at det har tatt så mange år å få på plass overtaking av bygga. No håpar dei at kommunen snart kjem i mål, og at dette kan bli starten på noko bra.

Lisa Mari Breivik Anderson (Senterpartiet) minna om at dette betyr mykje for grendene. Ho håpar kommunen får til avtale med dei, så ikkje byggja blir slde til kven som helst, om det er slik at grendelaga ønskjer å drive bygga. Samstundes er det viktig å høyre på levekårsutvalet, det er dei som skal gje tilråding i slike saker til formannskapet.

Knut Kleiven (Høgre) ønskte å møtast på halvvegen, med 700 000 kroner. Men etter Renathe Rossi-Kaldhol (Arbeidarpartiet) sa at det ikkje har kome reaksjonar etter møtet i levekårsutvalet 5. oktober, der dei sette ned summen, valde han å trekkje framlegget sitt.

Om det no blir sterke reaksjonar frå bygdefolket, kan det hende at dei snur når saka skal opp i kommunestyret torsdag 27. 10.