I sjølve manifestet står det å lese at Søre Sunnmøre Matmanifest skal skape meirverdi ved å bevare, styrke og vidareutvikla den lokale matproduksjonen og matkulturen, gjennom å bevisstgjere enkeltpersonar, organisasjonar og bedrifter.

Sande med på laget

Det skjer mykje kring Søre Sunnmøre Matmanifest om dagen.

Ei svært gledeleg nyheit for dei involverte kring matmanifestet er at ei ny kommune har knytt det til seg. For no har også Sande kommune slutta seg til.

– No er både Hareid og Sande med på laget, og det er sjølvsagt svært gledeleg, seier styreleiar i Søre Sunnmøre Matmanifest, Magne Larsen.

Det å knyte seg til matmanifestet er også oppe i formannskapet både i Ulstein og Herøy no, og det skal også nærme seg i kommunane Vanylven, Volda og Ørsta.

– No går vi og ventar på resultata av desse møta. Det er svært spanande tider, seier Larsen nøgd.

Parteringskurs

Larsen fortel at det no også for alvor blir jobba med å oppfylle intensjonen i manifestet. Det første på programmet blir eit parteringskurs i samarbeid med Brudevoll Kjøtt AS førstkomande laurdag.

– Brudevoll er ei verksemd som har drive slakting i generasjonar, og vi er veldig glade for å få med oss dei på eit slikt kurs, seier Larsen.

Styreleiaren fortel at kvar deltakar på kurset får ta med seg delar av det parterte dyret heim igjen, men at den viktigaste læringa går på kva dei ulike stykka på dyret heiter.

– Det blir også stort fokus på det å vere reinsleg når ein parterar. Ein lærer også korleis ein skjer ut dei beste stykka.

Det blir lam som skal parterast, og kjøtet kjem frå Ringdal.

– Det er så lokalt vi kan få det akkurat no, seier Magne Larsen.Larsen fortel også at landbruksskulen på Mære i samarbeid med Nord-Trøndelag fylkeskommune og MR Mat arrangerer kurs ved Herøy vidaregåande skule over nyttår.