Cruiseskipet kjem til Ulstein Verft i april neste år, og verftsdirektør Kristian Sætre seier til nettstaden nett.no at oppdraget er viktig både fordi det fyller eit produksjonshol, og fordi cruiseskip er eit nytt og viktig segment for verftet.

Nett.no:

Skipet er 100 meter langt og med ei breidde på 16,2 meter. Om bord skal det kome ti ny lugarar. I tillegg skal det blant anna skiftast gir propellar og generator. Det skal også få ei generell oppgradering.

Cruiseskipet er eig av det Bahamas-registrerte selskapet Adventurers Partner Ltd, men blir operert frå USA. Skipet er frå 1975, og vart bygd i tidlegare Jugoslavia, under namnet Alla Tarasova. Seinare har namnet blitt til Clipper Adventurer og Sea Adventurer.

Cruise i Arktis og Antarktis

Skipet har isklasse og har frå starten vore brukt til cruise i Arkitis og Antarktis. Passasjerkapasiteten før ombygging er på 122, og det er innreidd for eit mannskap på 72.

- Vi håper å kunne fylle på med meir oppdrag innan ombygging og reparasjon, seier verftdirektør Kristian Sætre til nett.no. Han meiner verftet er godt eigna til å byggje denne typen skip.

Ulstein Verft hadde eit dårleg resultat i fjor, og det er sett i verk fleire tiltak for å snu utviklinga. Blant anna er staben redusert. Ordresituasjonen vil avgjere om det skal setjast i verk ytterlegare tiltak.