I morgon kan du ete frukost på Link Søre Sunnmøre Mottak, Hareid EMA eller Fosnavåg EMA.

I samarbeid med TINE arrangerer Røde Kors-frivillige over heile Noreg Venefrukostar saman med flyktningane på dei som bur på asylmottaka.

- Responsen har vore over all forventning. Det er utruleg gledeleg at så mange ønskjer å bli betre kjende med flyktningane som bur på mottak på denne måten. Truleg er det mange som får ein ny ven på laurdag, og kanskje også ein dei kan gå med bøsse saman med på sundag, seier Øistein Mjærum, marknadssjef og kommunikasjonsdirektør i Røde Kors.

Langt fleire enn venta

TINE og Røde Kors hadde eit mål om Venskapsfrukost på 30 mottak, men det vart 84. Håpet er at desse venskapsfrukostane vil opne auga for mange om kven som eigenleg bur på asylmottaka og korleis ein flyktning verkeleg ønskjer å kome i kontakt med den norske befolkninga.

Det har gått ut innbeding til frokostane på 26 millionar mjølkekartongar. Om du vil på frukost, bør du melde deg på.

Meir informasjoan finn du her.

- Fristen for å melde seg på gjekk eigenleg ut i går, men om du melder deg på i løpet av dagen skal det gå bra, seier koordinator Carina Nørve i Møre og Romsdal Røde Kors.

Det er TINE som sørgjer for mat og drikke til frukostane.

Kastar svamp på ordføraren

Ungdomane på EMA Hareid har planlagt mange aktivitetar. Mellom anna blir det kasting av svamp på ordførar Anders Riise.