På siste formannskapsmøte stilte Lisa Mari Breivik Anderson (Senterpartiet) nokre spørsmål om flytting av kulturkontoret.

Før sommarferien flytta kulturkontoret i Ulstein ut av rådhuset og ned på Geileneset, i lokala til Fantastiske Osberget. I Tertialrapport 2. tertial 2016 står det at tiltaket om å flytte kulturkontoret ut av rådhuset har ført til ein del ekstra kostnader.

Anderson ville vite kva det kosta å flytte kulturkontoret ut av rådhuset og om denne saka hadde vore til politisk handsaming? Ho har fått ein del kommentarar frå folk som lurer på dette. Og ho såg at kulturetaten ikkje hadde greidd å halde budsjettet.

Fungerande rådmann, Verner Larsen, svara at Oppvekstetaten trong kontora til kulturetaten for å gje plass til avdeling for inkludering og mangfald. Kulturetaten skulle uansett ut av rådhuset, då dei er tenkt inn i Arena Ulstein når det står ferdig. Så no vart det berre at dei flytta litt før kommunen eigenleg hadde tenkt.

Anderson spurte så om det ikkje var ledige lokale på Reiten. Men Larsen sa at det var det ikkje.

Hovudgrunnen til at Kulturetaten har brukt meir pengar enn budsjettert var at det var lagt inn eit generelt innsparingsmål på heile 500 000 kroner, utan at det var konkretisert korleis dei skulle spare pengar. Kulturområdet har til no eit negativt avvik på 226 000 kroner.

Omorganisering

Verner Larsen kan ikkje svare på kva oppvekstetaten betaler i husleige til Fantastiske Osberget. Det har ikkje vore til politisk handsaming. I mai i år spurte Vikebladet Vestposten rådmann Einar Vik Arset om flyttinga skulle opp til politisk handsaming. Då svara han at det ikkje var naudsynt det det var snakk om eit kontor for ein mellombels periode.

– Kvifor betaler oppvekstetaten husleiga for kulturkontoret?

– Det er for at oppvekst har teke over lokala til kulturkontoret, då dei trong plassen, svarer Larsen til Vikebladet Vestposten.

Avdeling for inkludering og mangfald ligg inn under oppvekstetaten, og er samlokaliserte med dei. I tillegg har oppvekstetaten nokre prosjektstillingar som dei trong plass til.

Så kostnadene Kulturetaten har hatt til flytting er ikkje knytt til husleige, slår Larsen fast.