Initiativet har vorte ein suksess for barn og foreldre som kjem til Noreg, nokre som analfabete, nokre som ikkje kan språket.

Klokka nærmar seg kvart over tolv, og i lesesalen på Hareid Folkebibliotek har det samla seg ein liten gjeng godt vaksne damer. Desse er frivillige pensjonistar som skal hjelpe familiane frå ressurssenteret med leksene til borna.

Krav at foreldra er med

- Eg er vikar i dag, seier Bjørg Vartdal Hareide. Ho kjem gåande inn og sluttar seg til halvsirkelen av damer. Ho er koordinator for introduksjonsprogrammet for dei vaksne på ressurssenteret, og var med på å starte leksehjelpa i januar i år.

- Vi ser eit behov for leksehjelp til borna, og foreldra får hjelp til å hjelpe dei. Dei skal lære norsk og lære om det norske samfunnet, fortel ho, og det å hjelpe borna sine er ein naturleg del av det.

- Det er ikkje alltid så enkelt å forstå det som står i vekeplanar og lærebøker når du ikkje kan språket. Men tilbodet skal ikkje berre vere for flyktningar, fortel Vartdal Hareide. Alle er velkomne, som har behov og høve.

Ingen nordmenn med

Men hittil har det ikkje vore nokon norske born og foreldre med. Vartdal Hareide trur det kan vere for lite informasjon om det.

- Det er mange skuleborn som vert henta eller går heim på onsdagar når dei sluttar tidleg, og mange av foreldra er på jobb. Men vi håpar at det kjem fleire. Det er ikkje lett for innvandrarar å kome i kontakt med nordmenn, og skape eit nettverk. Det kan vere verdifullt å ha nokon å verte kjende med som er norske, seier ho.

For det handlar om tryggleik på ein ny heimplass, for mange av dei som møter opp. Håpet om at berre dei kom seg til Noreg skulle alt bli bra, døyvast av behovet for alt dei må lære seg for å kunne leve i Noreg. Slik må det vere dersom integreringa skal gå bra, men Vartdal Hareide meiner mange sit med hendingar og opplevingar som gjer det vanskeleg å ta til seg ny informasjon.

Fire lærarar og ein banktilsett

Lydnivået i den vesle lesesalen har stige dei siste minutta. Familiane er komne, borna er ferdige på Hareid barneskule. Det raslar i skuleranslar og pennalhus, borda er snart fylde med vekeplanar, bøker, pennar og blyantar. I dag er det Emil i Lønneberget som står på leselista. Totalt er det tre familiar som er med i dag, og fire born. Vanlegvis er dei fire familiar og seks born.

- Eg har vore lærar i 40 år, og på Bigsetskulen i 35 år, fortel Svanhild Larsen. Ho er ny frivillig i dag. Alle dei frivillige er tidlegare lærarar, med unnatak av ei tidlegare banktilsett.

- Det er kjempebra

Firas Alahmad frå Syria er ein av fedrane på leksehjelpmøtet i dag. Han er den av foreldra som kan mest norsk. Etter mange søknader og mykje fram og attende frå den Tyrkiske ambassaden har Alahmad no vore i Noreg i fire år. I juli i sommar fekk også kona Fatima Almaamou og sonen Abdul Rahman kome til Noreg.

- Eg kan ikkje så godt norsk, smiler han. Han fortel at sonen byrja på skulen i august i år.

- Vi forsto ikkje korleis vi skulle få hjelpe han med leksene. Vi visste til dømes ikkje kva det ville seie å stave ord, forklarar han. Alahmad og familien trivst i Noreg.

- Vi har fått eit lite nettverk, og har god kontakt med naboane, seier han.

Konkretar, frukt og kuleråmer

Gjennom dei knappe to timane familiane og dei frivillige er i lesesalen, rekk dei over mykje. Dei frivillige har ofte med seg konkretar, som Bjørg Vartdal Hareide kallar det. Desse er myntar, kuleråmer og setlar som skal hjelpe flyktningane å lære seg å rekne med norske kroner. Dei rekk òg ei pause med frukt og noko å drikke før dei trekkjer inn att i lesesalen.

- Det er svært gjevande arbeid, seier Jorunn Vatne, ei av dei frivillige som har vore med lengst.

Lærer å bruke biblioteket

Per i dag har dei fem frivillige, og tek sikte på å ha ein frivillig per born.

- Dette er eit samarbeid mellom Hareid Ressurssenteret, Frivilligsentralen og Hareid Folkebibliotek, fortel bibliotekar Anne Vasstrand. Ved å bruke biblioteklokala får familiane å lære seg å bruke biblioteket. Dette tykkjer Vasstrand er nyttig. Ho fortel at dei ønskte å finne ut kva dei kunne gjere for å betre integreringa og hjelpe flyktningane. Leksehjelpa vart ein naturleg stad å byrje.

- Men vi treng fleire frivillige, også slike som ikkje er lærarar, seier Greta S. Goksøyr, ein annan av dei frivillige som har vore med lengst.

- Eg tykkjer dette har vore kjekt, fortel dagens nye frivillige, Svanhild Larsen på slutten av møtet.

- Og så er han så flink, guten, seier ho om Abdul Rahman, som sit ved sida av henne.

Dei frivillige pensjonistane er einige med kvarandre i at det er gjevande og kjekt å vere med på leksehjelpordninga. På biletet: Bjørg Vartdal Hareide, Svanhild Larsen, Jorunn Vatne og Asbjørn Vatne.