Olger Pedersen, Dimna IL, gjekk i tet frå start og kom også klart først i mål i Snipsøyrvatnet Rundt, som vart arrangert for 37. gong laurdag ettermiddag.

Pedersen kom i mål på tida 44.58.

- Var det personleg rekord? ville lokalavisa vite.

- Ja, det var det, for eg har ikkje vore med i dette løpet før, svara Pedersen.

Pedersen har hevda seg høgt på resultatlistene i Grimstadvatnet Rundt – og viste at forma er god. Han fortalde at det var gode løpsforhold, men enkelte stader - der sola enno ikkje hadde fått has på nattefrosten - var det glatt.

Som nummer to i mål kom Are Uran med tida 46.40, medan Lars Petter Bjørlykke på 3.-plass fekk tida 46.45.

Kristian Nedregård, som «vanlegvis» vinn dette løpet, måtte ta til takke med ei plassering litt lenger nede på listene denne gongen. Forklaringa var  at han slit med ein ankelskade.

Løpet hadde 32 deltakarar. Berre tre av dei var kvinner. Best av dei vart Marit Lillestøl, Gjerdsvika, med 1.06,31.

Dei to superveteranane André Gjerde og Bjørn Harald Harkjerr sprang. Begge har vore med i samtlege 37 løp.

Resultatliste Snipsøyrvatnet Rundt 2016:

KlasseStartnrNamnKlubbTidPlassering
K 40-4428Cintia OvervågHareid1.10,341
K 40-4437Susanne Støvring NedregårdSpjelkavik og omegn Friidrett2.28,132
K 45-4914Marit LillestølGjerdsvika1.06,311
M 17-3418Olger PedersenDimna44,581
29Einar Orten TrovågHareid IL49,512
19Andreas HaddalEiksund1.00,163
25Abdelaziz Adem1.03,364
10Morten Andersen1.07,085
M 35-398Lars Petter BjørlykkePuls og Pils46,451
12Daniel SlettebakkPuls og Pils52,052
7Christoffer BakkelyPuls og Pils57,403
24Simon Samuel59,164
M 40-4422Are UranHavørn46,401
31Kristian NedregårdSpjelkavik og omegn Friidrett49,322
32Jan Endre RiseHareid49,473
20Jan Einar HovdenPuls og Pils50,094
13Steffen FrøystadPuls og Pils52,385
4Thomas DalsørenHareid53,526
16Frank Joakim Brandal56,077
M 45-4934Jonny TømmerbakkUlsteinvik52,271
26Bjørn Oskar HolstadPuls og Pils54,132
35Inge Jonny HideKleven54,333
30Jan Einar RoosSUFH55,534
15Torbjørn WidnesBergen1.28,235
36Svein Oskar Støvring NedregårdSpjelkavik og omegn Friidrett2.28,136
M 50-5421Øystein BjørdalIL Lauparen52,031
27Peter RisePuls og Pils1.05,212
M 60-6433Erik DrivekleppVTI57,271
5Odd ElvanesHareid IL59,322
23Finn GodøGodøy1.08,293
M 65-6917Kjell M. FagerlundHasundgot1.08,091
11Andre GjerdeHareid1.08,502
M 70-749Peder RingdalMåndalen IL1.04,191
6Bjørn Harald HarkjerrHareid1.22,092