Som ein del av programmet på opningsdagen av SIKT-konferansen som blir arrangert i Ålesund komande veke, skal deltakarane på konferansen på båttur frå Ålesund til Ulsteinvik, der dei skal få høyre foredrag frå Gunvor Ulstein og Ola Honningdal Grytten, før turen går tilbake til Ålesund med båt på kvelden.

Her skal mellom anna H.K.H Kronprins Haakon vere til stades.

SIKT-konferansen er ein møtestad for unge leiarar og talent og blir arrangert for fjerde gong. Denne gongen i Ålesund.