Ungdomsrådet i Ulstein har kome med innspel til samfunnsdelen til kommuneplanen. Ungdomane har kome med innspel til fleire tema.

Buss

Dei meiner at Bakkebyruta er eit godt tilbod, men det er vanskeleg å finne ut når bussen går, og det er til tider litt mykje venting. Dei meiner også at busstilbodet til krinsane er for dårleg.

Kultur/omdøme/identitet

Ungdomsrådet likar at dei er nemnde i planen. Det viser at kommune tar ungdomane på alvor. Det er trygt å bu i Ulstein, men dei saknar fleire ungdomskonsertar. Dei meiner det må vere låg terskel for å gå på kulturskulen, og prisen bør då vere overkomeleg for alle.

- Det bør leggast til rette for uteplassar og restaurantar, slik at her er eit godt tilbod for dei som ynskjer det, skriv dei.

Frukt og mobbing

Ungdomane saknar frukt på skulen. Det meiner dei bør innførast igjen.

Lærarane må ikkje vere redde for å ta tak i mobbing, og seie frå til den som mobbar.

- Vi kan nok få endå betre førebyggande tiltak mot mobbing, skriv Ungdomsrådet.

- Litt trist i Bjørndalsvegen

Ungdomsrådet synest det er eit flott sentrum i Ulsteinvik. Dei likar spesielt godt satsinga på Sjøsida og Saunesparken. Men dei synest Bjørndalsvegen blir litt trist i forhold, og håpar også dette området før ei ansiktsløftning. Dei gler seg til Arena Ulstein står ferdig, og håpar at fleire av dei tome lokala i området også kan fyllast med innhald.