Å reise med fly er noko som mange opplever som stressande, og som gjer at dei gler seg til å få forlate flyet.

Men kanskje blir det annleis etter at Hareide Design har utvikla eit konsept for neste generasjon førsteklasses flykabin.

- Med konseptet SkyStue ville vi skape ei roleg, innbydande og varm atmosfære med nyskapande funksjonalitet, og detaljar inspirert frå skandinavis arkitektur og design, opplyser Einar Hareide i Hareide Design.

Målet er at den reisande skal føle seg som heime når han set seg ned i flyet. Bakgrunnsstøyen skal vere bort, og roa skal senke seg.

Massasjestol og simulering av døgnrytma

SkyStue er fullspekka med moderne teknologi som fungerer bak kulissene. Ventilasjon, massasje og aktiv støyreduksjon er bygd inn i seta. Rammene rundt vindauga justerer gradvis lysintensiteten og fargetemperaturen for å simulere døgnrytma, slik at du føler deg utkvilt når du landar.

Kvar privat kabin har eit stort uttrekkbart bord eit eit ekstra sete, i tilfelle du ønskjer å ete saman med reisefølgje.

Når det er på tide å sove, kan kvart sete gjerast om til ei seng på 220 x 70 cem, og dersom du reiser saman med partnaren din, kan veggen mellom dei tilstøytande seta senkast ned slik at det blir mogleg å dele felles seng og diskret puteprat på flyturen.

SkyStue er full av teknologiske nyvinningar.