Møre og Romsdal samla inn 13,2 millionar til Røde Kors sitt arbeid for sivile ofre for krig og konflikt.

– Heilt overveldande, seier fylkesaksjonsleiar Marius Hammer.

Møre og Romsdal har satt historisk rekord i inntekter frå skule, næringsliv og kommunebidrag. Fylket endte som 5. beste fylke.

– Er det ikkje fantastisk? Eg er overvelda over engasjementet i Møre og Romsdal! Spesielt rørande er engasjementet frå skuleelevane i fylket, som sprang heile 1,3 millionar kroner til Røde Kors, seier Hammer.

Nesten 220 millionar

Heile Noreg opna lomebøker og hjarte og samla inn 219,8 millionar til TV-aksjonen Røde Kors.

– Dette er heilt fantastisk. Tusen takk til alle som har bidratt! Alle bidrag kjem til å gjere ein forskjell og saman får me hjelpa heilt fram. Alt engasjementet me har sett i det siste er overveldande. Eg er rørt, takksam og audmjuk på vegner av heile Røde Kors. To millionar menneske vil no få livsviktig hjelp, seier Sven Mollekleiv.

100 000 bøssebærarar

100 000 bøssebærarar gjekk årets viktigaste sundagstur og ringte og banka på dører i heile landet. Også Kronprinsesse Mette-Marit, Kronprins Haakon og Prinsesse Ingrid Alexandra vart med på den store dugnaden og gjekk med bøsse.

Mange skular har samla inn

Mange skular samla inn pengar førre veka. Til saman samla dei inn 5, 8 millionar kroner. Det er 1,8 millionar kroner meir enn i fjor. Også P3-aksjonen sette ny rekord med nesten 5,5 millionar.

– Eg er så utruleg glad og rørt over å sjå det fantastiske engasjementet folk viser for å hjelpe medmenneske. I kvar einaste by og bygd har store og små, unge og eldre løfta i flokk og saman vore med på å gjere ein livsviktig forskjell for menneske som er ramma av krig og konflikt, seier TV-aksjonsleiar Vibecke Østby.

Kongehuset og fylkesmenn, rådmenn og ordførarar, næringsliv, lag og foreiningar, skular, trussamfunn og menigmann har stått på for å gjere denne store dugnaden mogleg.

Dette går pengane til

Årets TV-aksjonsmidler skal gje livsviktig hjelp som mat, reint vatn og helsehjelp til sivilbefolkninga i ni land som i mange år har lidd under krig og konflikt: Syria, Libanon, Sør Sudan, Afghanistan, Somalia, Myanmar, El Salvador, Guatemala og Honduras. Pengane går også til å hjelpe flyktningar som er busett i Noreg.

Hareid

Kvar innbyggjar i Møre og Romsdal gav i snitt 42,15 kroner. Men i Hareid gav innbyggjarane 70,29 kvar, og med det kom Hareid på femteplass i fylket. Kommunen betalte 3 kroner pr. innbyggjar, næringsliv/organisasjon gav 1 kr pr. innbyggjar, kyrkje/meinigheit gav 3 kr pr innbyggjar, skulane og barnehagane samla inn 28 kr pr. innbyggjar, på bøssene kom det inn 23 kr pr. innbyggjar, og på anna kom det in 13 kr pr innbyggjar.

Hareid skule greidde å samle inn 73 963 kroner. og kom såleis inn på topp fem bidrag-lista i Møre og Romsdal.

(Til samanlikning gav Hareid kommune 43,66 kroner per innbyggjar i fjor)

Ulstein

I Ulstein kom det inn 41,04 kroner pr. innbyggjar. Ulstein kommune gav 4 kroner pr. innbyggjar. Næringsliv/organisasjon gav 2 kr pr. innbyggjar. På bøssene kom det inn 21 kr pr. innbyggjar og på anna vis kom det inn 13 kroner pr. innbyggjar.

Skulane i Ulstein samla ikkje inn pengar til TV-aksjonen.

(Til samanlikning gav Ulstein kommune 40,01 kroner per innbyggjar i fjor)

Vipps i tide

Ein del bøssebærarar opplevde å kome til tome hus. Sola skein og folk var ute på forskjellige aktivitetar. Bøssebærarane la att lapper i postkassane som fortalde folk kva dei kunne gjere for å gje pengar til årets TV-aksjon. Der var det kontonummer og høve til å både sende pengar gjennom sms og Vipps.

– Blir desse pengane registrert på rett kommune?

– Dei som Vippsa medan bøssebærarane var ute og gjekk, det vil seie fram til kl 18.00, vart registrerte som på bøssa til kvar kommune. Men dei andre vart landsfordelte, forklarer fylkesleiar Hammer.