– Det har vore ei kjekk bok å skrive, kommenterer Anna Louise Goksøyr, som har ført i pennen 100-årshistoria til Ulstein Hotell.

Det var i desember 2015 Goksøyr fekk telefon frå styreleiar Steinar Kulen i Ulstein Hotell AS med spørsmål om ho kunne tenke seg å skrive boka om hotellet si 100-årige historie.

– Det var ei utfordring eg ikkje kunna seie nei til, smiler Goksøyr.

Kommunikasjonsbyråaet I4it i Ulsteinvik og fotograf Per Eide vart kopla inn, og saman med eigarane av hotellet vart dei samde om at det skulle lagast ei vakker «kaffibord»-bok.

Ulstein Hotell har vore ein samfunnsinstitusjon, og noko av målet med boka har vore å formidle historier der folk kan kjenne seg att.

– Det har vore interessant å registrere at hotellet si utvikling gjennom 100 år heng tett saman med utviklinga av lokalsamfunnet og næringslivet i regionen. Men det er ikkje til å legge skjul på at det opp gjennom åra har skjedd mykje pussig ved hotellet, og eg har prøvd å formidle noko av dette med glimt i auget. Eg håper dei som les boka av og til vil drage på smilebandet, seier forfattaren.

Under arbeidet med boka har ho snakka med mange som har jobbe ved hotellet tidlegare, med gjester – og med eigarane av hotellet. Solveig og Brynhild Ulstein har også sete i arbeidsgruppa.

– Vi blir audmjuke når vi ser kva som har blitt gjort gjennom 100 år ved hotellet, kommenterer Brynhild og Solveig Ulstein. Dei legg til at faren Hallbjørn har vore flink til å samle på avisutklipp, brosjyrar, foto og menyar, og at dette har kome til god nytte under arbeidet med boka.

Per Eide var fotograf då Ulstein Hotell opna på Varleite i 1981, og har sidan vore mykje nytta som fotograf. Bortsett frå gamle foto, er det hans bilete som prydar boka.

– Eg har no vore fotograf for 51 bøker, og dette er blant dei tre beste, slår han fast

Ingvild Mork i I4it har att ansvaret for bokdesignen. Boka er lagt opp kronologisk, og er altså tenkt som ei «kaffibord»-bok der folk kan velje seg ut kva emne dei vil lese.

«Hotellet – Ulstein Hotell gjennom 100 år» er trykt i eit opplag på 900, og er til sals i resepsjonen ved Quality Hotel Ulstein.