Ulstein ungdomsskule laga i dag, måndag, eit nytt kunstverk som skal hengje godt synleg på Ulstein ungdomsskule. Dette er eit kunstverk som seier noko viktig, nemleg at alle på skulen er i mot mobbing.

På eit stort plexiglasplate, som er 2,6 meter brei og 1,4 meter høg, får alle dei 350 elevane og 50 tilsette signere namnet sitt. På det viset markerer kvar og ein for seg sjølv og andre at dei tar avstand frå mobbing. Og tavla heng der som ei påminning i ettertid.

– Trur du dette fungerer?

– Det fungerer å setje fokus på det, ha det på agendaen. Dette blir ei kontrakt og påminning i kvardagen, seier rektor Leon Romestrand, som var den første til å signere.

Han tenkjer at kunstverket blir eit viktig symbol på at dei ikkje aksepterer mobbing ved ungdomsskulen. Handlingsplanen mot mobbing ligg ute på den nye heimesida til Ulstein ungdomsskule, så dei har verktøy om dei skulle oppleve at nokon blir mobba.

Fleire formar for mobbing

Ulstein ungdomsskule markerte verdsdagen for psykisk helse i dag. Alle elevane var samla i aulaen der dei såg film om psykisk helse og fekk høyre tre små føredrag om temaet.

Torill Vågen Vattøy snakka om at det er ikkje berre direkte mobbing mot ein person som er mobbing, det kan også vere indirekte mobbing. Det kan vere baksnakking, himling med auga eller digital mobbing.

– Diverre har denne siste forma for mobbing auka på skulen vår, og i heile verda, kommenterte ho.

Det er særleg dei yngre elevane som blir mobba av eldre elevar, og det er litt fleire gutar enn jenter som mobbar.

Mobbing kan få alvorlege konsekvensar. Det kan føre til depressivitet, angst, låg sjølvkjensle, magesmertar, hovudverk, sjølvskading og i verste fall sjølvmord.

Alle har ansvar

Vattøy snakka om korleis ein kan førebyggje mobbing, og at alle elevane har eit ansvar. Ein skal ikkje protestere når ein ikkje kjem på gruppe med den ein likar best, ikkje berre setje seg med bestevenene, ein treng gode førebilete og tydelege vaksne. Og vakthaldet i friminutta er viktig. Vaktene på Ulstein ungdomsskule er no merkte med refleksvestar, så dei skal vere lette å få auge på.

Dessutan meinte Vattøy det er viktig at ein snakkar om psykisk helse.

– Har du det ikkje bra er det lite anna som fungerer, sa ho og oppmoda alle elevane om å ta ansvar for miljøet i klassen.

Mobbing er forbode og blir slått hardt ned på. Men for at det skal bli oppdaga er det viktig at han eller ho som kjenner seg mobba seier ifrå til ein vaksen så dei kan få stoppa det.

Nokre tiandeklassejenter kom fram og lærte dei andre ungdomsskuleelevane BlimE-dansen. Seansen vart avslutta med at alle elevane dansa i lag til tonane frå Madcon.