– Vi har byrja å sikte oss inn mot marknaden no, fortel Trond Fiskaa.

Oppfinninga som røykdykkar, brannmann og for tida varabrannsjef i Vanylven kommune, Trond Fiskaa, no er svært nær ved å kunne lansere, blir omtala som revolusjonerande innan brannsikring. Til Teknisk Ukeblad (TU) seier tidlegare brannsjef i Vanylven kommune, Lasse Rindal, dette om systemet:

– Dersom du får eit branntilløp i eit rom kan du stoppe det ved årestaden, hindre røykgassane i å spreie seg, og halde det på eit nivå slik at det er enkelt å kontrollere. Dersom dei får dette til vil det bli ein revolusjon innan brannsikring.

Enkelt system

– Dette er eit system som kan brukast både i næringsbygg, hotell, sjukehus, i leilegheiter, og også flytande innretningar er vurdert, seier Fiskaa.

Og systemet er enkelt, men effektivt, ifølgje oppfinnaren.

– Tanken er at ei utsugingsdyse trekkjer røyken ut av rommet. Ei anna dyse bles ut tåke, eller med andre ord, luft med høg fukt. På denne måten vil ein setje ein stoppar for at brannen spreier seg vidare.

Samarbeid med ÅKP

Forklart nærare syg SEES-systemet ut røyken på det høgste punktet slik den ikkje får etablere seg der. Røyk trekk jo som kjent oppover etter den blir danna. Dette kombinert med at fuktig luft blir blåst inn i rommet vil gjere at brannen ikkje går over i andre rom eller får utvikle seg.

– Eg har vore røykdykkar og brannmann i tjue år, og har mange gonger sett kor raskt det kan gå. Etter eit minutt eller to kan det bli overtenning, seier Trond Fiskaa og legg til:

– For meg har det å utvikle eit system som kan spare store verdiar, sjølvsagt aller viktigast dei menneskelege verdiane, vore tanken sidan starten.

I samarbeid med ÅKP og i dialog med fleire andre miljø har Fiskaa, som også er utdanna maskiningeniør, utvikla systemet

– Vi har prosess på ein prototype, og har funne fram til at vi kan lage forskjellige typar, som også er skalerbare. For å finne den beste typen innan kvart behov har vi brukt datasimulering, seier Fiskaa og legg til:

– Vi var innom seks sju store datafirma som kunne gjere denne jobben, men ikkje kring alle typane vi var ute etter, men vi fann til slutt eit skandinavisk firma som kunne gjere det.

Har fått god hjelp

– Utan ÅKP, Hoppid.no og Innovasjon Norge hadde ikkje dette gått, seier Fiskaa som og legg til at Vanylven Utvikling og har bidrege med stønad.

Då ÅKP etablerte industriinkubatorkontoret i Ulsteinvik i 2011, var Trond Fiskaa sin idé den første som fall i hendene på seniorrådgjevar Robert Voldnes.

– Eg blei kopla til prosjektet til Trond, og er framleis ein sparring-partner for han den dag i dag. Difor er det ekstra kjekt å no sjå at ideen hans er i ferd med å nå mot marknaden, seier Voldnes.

Voldnes fortel at arbeidet vidare no er å finne miljø, helst på Nordvestlandet, som kan vere med på å få produktet ut i marknaden. Fiskaa sitt system har ÅKP i samråd med Innovasjon Norge så stor tru på at brannmannen no er inne i fase to, som inkubatorbedrift i kommersialiseringsfasen.

Fiskaa meiner hjelpa han har fått har vore uvurderleg.

– Kontakta med ÅKP ved Robert Voldnes og Arne Mehl, har vore veldig viktig for framdrifta. Det hadde vore ein heilt annan situasjon om vi skulle finne kontaktane på kryss og tvers sjølve. Det hadde vore veldig vanskeleg utan eksperthjelpa vi har fått, seier Trond Fiskaa.

Brannmann, maskiningeniør og varabrannsjef Trond Fiskaa, har fått god hjelp av Hoppid.no-kontoret i Ulsteinvik i prosessen med å utvikle eit revolusjonerande nytt brannsystem. Foto: Per Eide.