I ein e-post til avisa Møre-Nytt skriv viseadministrerande direktør og finansirektør Svein A. Eriksen i Flyviking AS, at dei ser på Hovden som svært interessant.

Flyviking vart stifta tidlegare i år av Ole Giæver jr, tidlegare kaptein og medeigar i Widerøe. Giæver satsar som gründar etter at han i fjor vart sagt opp frå Widerøe etter ein arbeidskonflikt.

Det første flyet, ein Dash 8 100-serie, er kjøpt i Kanada, og er av same type som Widerøe brukar på rutene til og frå Ørsta-Volda lufthamn, Hovden.

Finansdirektøren presiserer i e-posten at dei ikkje har gått nøye inn i det kommersielle grunnlaget på Hovden enno. Det er heller ikkje gitt at det er til Oslo dei eventuelt vil flyge.

Flyviking har ikkje planlagt i detaljar, og eventuelle destinasjnar er heilt ope.