Etter at asylmottaket ved Melshorn Hotell på Hareid vart lagt ned i starten av april i år, stod hotellet tomt ein periode. 5. september i år starta Linda Haddal Røssevoll opp med Bed & Breakfast i nyoppussa lokale.

Men Bed & Breakfast-tilbodet vart kortvarig, i alle fall i denne omgang.

- Like etter at eg opna kom ei bedrift i regionen på bana, og dei ønskte å leige heile romfløya vår, fortel Haddal Røssevoll.

Kontrakten vart sett i verk frå 1. oktober og inneber at alle dei 30 romma ved hotellet er opptekne ut mars neste år.

- Så får vi håpe at arbeidsmarknaden betrar seg, og at det blir større behov for overnatting, legg Haddal Røssevoll til.

Leiger ut møterom og salong

Ho understrekar at konferanseavdelinga, salongen og houvudkjøkkenet ikkje er leigt ut, og at det er fullt mogleg å tinge lokale både til møte, barnedåpar, minnestunder og selskap ved Melshorn Hotell.