Det er lokalavisa Vestlandsnytt som i dag, tysdag, i eit  førstesideoppslag, meiner ordføraren i Ulstein vil bli nedstemt i plasseringa av lensmannskontor.

Vestlandsnytt viser til at Arnulf Goksøyr (ordførar i Herøy) og Dag Vaagen (ordførar i Sande) begge seier ja til å få det nye lensmannskontoret plassert i Myrvåg.

Ordførar Anders Riise (Hareid) er også positiv til Myrvåg.

- Dermed blir truleg Ulstein og ordførar Knut Erik Engh ståande åleine i synet på at det nye kontoret bør vere lokalisert i Ulstien. Engh meiner det er feil å byggje opp "nye senter" i regionen, og syner til at Myrvåg er tynt befolka.

Ulstein vil protestere

I tilrådinga si til framtidig politistruktur kjem politimeister Ingar Bøen med framlegg om å samle politiet på Ytre Søre i Myrvåg.

Ulstein kommune vil protestere mot framlegget, varslar ordførar Knut Erik Engh.

Ordførar Anders Riise i Hareid ser føre seg eit regionalt lensmannskontor i Myrvåg som både er fullverdig og kan hende utvida med utlendingssakene igjen.

- Eg har for det første ingenting imot at lensmannskontoret er i Ulsteinvik som i dag, men som ei regional løysing, og under ein del gitte føresetnader vil eg kunne gå inn for Myrvåg, seier Riise til Vestlandsnytt.