Det konkluderer Asle Geir Widnes Johansen i ein artikkel i Hareid historielag si årbok for 2016, som blir gitt ut i desse dagar.

I følgje denne artikkelen («Hundreår sidan kommunedelinga») førte 1. verdskrig til ein enorm auke i tiltak, som vart lagde på skuldrane til ordføraren. Frå 59 saker i 1913 hadde saksmengda auka til 159 saker i 1914, ein god del på grunn av krigen ute i Europa i form av førebuingstiltak, rasjonering, priskontroll, forsyning og beredskap.

Ordførar i felleskommunen den gongen var H. B. Osnes. Han skreiv om minna sine frå denne tida i ein artikkel i Vikebladet under 2. verdskrigen at han ein gong utpå hausten i 1914 talte med gamleordførar Martinus Bjørndal om at det kanskje var best at kvart sokn fekk rå seg sjølve.

Det hadde dessutan vore forsøkt å dele kommunen to gonger tidlegare, men utan å lykkast å få fylkesting eller departement med på det. Men no trudde Osnes tida var meir lagleg. Og han ville helst at nokon utanfor kommunestyret skulle kome med framlegget. Martinus Bjørndal tilbaud seg då å kome med framlegg om å kløyve Ulstein herad i to. Ei nemnd vart nedsett og denne foreslo deling, noko fylkestinget samtykte i i 1916. Same år gjekk det ut ein kongeleg resolusjon om deling frå 1. januar 1917.

- Hareidseidet ber for  høgt opp

Frå 1. januar 1917 var altså Hareid eigen kommune. Lokalavisa Aarvak formidla ein annan grunn til at Hareid og Ulstein vanskeleg kunne leve i lag:

«… det hev seg slik, at åsryggen mellom Holsekerdalen og Hareidsdalen ber for høgt opp. Det er ikkje meir som skal til».

Hareidseidet hadde innverknad på det økonomiske livet – og var dermed skilsmissegrunn god som nokon. Men hovudgrunnen – i alle fall den formelle grunnen til initiativet - var altså den eksplosive auken i saksmengd som krigen ute i Europa førde med seg.

Kommunedelingar var ein trend

Ein skal også vere klar over at kommunedelingar var ein trend tidleg på 1900-talet. I 1838 hadde landet 392 kommunar. Talet auka til 630 i 1909, til 675 i 1919 og til 747 i 1930. Seinare har det gradvis minka igjen – til 428 i 2013.

Sprik og sterke viljar

Lokalhistorikar Ingvard Bjåstad meinte i eit intervju i Vikebladet i 1987 at det ikkje var lett å få gjennomført samrøystes vedtak i formannskap og kommunestyre. Det var sprik og sterke viljar heile  tida.