Torsdag 27. oktober klokka 10 går startskotet for innsamlingsaksjonen til Ulstein nye kyrkje. Då er det presentasjon i kyrkja i Ulsteinvik. Datoen er historisk. Den 27. oktober 1878 vigsla dei kyrkja på nytt etter at ho var flytta til sentrum.

Når startskotet går torsdag, vil sokneprest Margit Lovise Holte, kyrkjeverje Christfried Kaul og innsamlingsleiar Magne Grimstad jr. orientere om aksjonen. Målet er å skaffe 250 givarar og slik samle inn 30 millionar kroner i løpet av ti år, altså tre millionar i året. På den måten vil aksjonen vere i stand til å handtere eit lån på 100 millionar kroner i ti år.

– Vi har ein draum for alle oss som bur i Ulstein, at vi får vere kyrkjebyggarar i vår tid; setje eit merke i historia, reise eit signalbygg og skape eit levande fellesskap. Arkitektkontoret Snøhetta har laga eit  utkast til Ulstein nye kyrkje som vil få ringverknader for heile regionen, forklarer Holte, Kaul og Grimstad. Dei legg til:

– Kyrkjebygga har ein annan horisont enn dei fleste andre bygg; kyrkjene taler ut over si tid. Difor skal også den eksisterande kyrkje vere i aktiv bruk i framtida.

Reiser rundt og presentererDei tre vil i tida framover reise rundt og presentere prosjektet. Ulstein Rotaryklubb og Ulstein Historielag har alt sagt ja til besøk. Fleire vil bli spurte, men her er det berre å melde si interesse for lag, organisasjonar og næringsliv.

Holte, Kaul og Grimstad meiner Snøhetta sitt utkast Excelsior vil å skape ei verdig kyrkje for Ulstein og ei skreddarsydd ramme for aktivitetane i kyrkjelyden. Den nye kyrkja skal byggast ved sida av den gamle. Dei to bygga vil utgjere ein heilskap, både funksjonelt og symbolsk.

SymbolaSymbolsk tar Excelsior utgangspunkt i tre ord: Steinen, treet og rommet. Steinen eller klippa er fundamentet for den nye kyrkja. Klippa representerer det evige, solide, alteret – ein stad der du møter Gud. Kyrkja skal byggast i tre, skapt som eit nytt landskap. Treverket representerer liv, vekst og skaparverk. Den lagdelte forma lyfter seg opp i eit overlys over kyrkjerommet, og gir assosiasjonar til årringar i tre og ringar i vatn:

­– Vi ønskjer å vere ein positiv aktør som skaper ringverknader. Samtidig skal vi vere ei open kyrkje, der det vil vere folk til stades kvar dag ettersom soknet vil legge kontorfunksjonane til den nye kyrkja. Ho vil vere lett tilgjengeleg anten du kjem med rullestol eller rullator, frå gatenivå, rett inn og fram til alteret. Sjølve kyrkjerommet vil formidle ei unik høgtid; lyset, symbolikken. Det blir eit sterkt rom. I tillegg vil kyrkja ha eit lite kapell, ein stille oase. Kyrkja er ein identitetsbyggar. Vi ønskjer at folk skal vere stolte av dei to kyrkjene i Ulstein, avsluttar sokneprest Margit Lovise Holte, kyrkjeverje Christfried Kaul og innsamlingsleiar Magne Grimstad jr.